Førstkomande torsdag skal Ulstein kommunestyre revidere Delegeringsreglementet. Reglementet slår fast kven i kommunen som har mynde etter relevante lover. I tillegg til reglementet ha innleiing og overordna omtale, skriv politisk sekretær Svein Arne Orvik i sakspapira til kommunestyret.

Kommunelova seier at det i hovudsak berre er komunestyret som har mynde til å gjere vedtak på vegner av kommunen, men saksmengda er for stor til at dette kan gjennomførast i praksis. Det er eit overordna mål fo rUlstein kommune at avgjerder blir tatt på lågast mogleg nivå, heiter det i delegeringsreglementet.

Omfattande arbeid

Kommunestyret sette ifjor ned ei arbeidsgruppe for å sjå på delegeringsreglementet. Kunne dei ta grep for å styrke den demokratiske styringa av kommunen?

I januar i år sende dei ut på høyring til hovudutvala, fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne og ungdomsrådet eit framlegg til innleiing og overordna omtale. Det fekk dei tilbakemelding på, som dei så har arbeidd vidare med.

Dei foreslår mellom anna at det skal kome inn litt presiseringar om kva type saker dei ulike utvala skal få. Ungdomsrådet skal gje uttale i kommunale saker som vedkjem ungdoms, som budsjett- og økonomiplan, relevante plansaker og overordna saker og større kommunale prosessar som til dømes kommunereform.

Fellesrådet skal ha seg førelagt alle saker som er særleg viktige for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne og kan gje råd og uttalar til blant anna: plansaker, budsjett, økonomiplanar, byggesaker – større offentlege publikumsretta bygg, spesielt fokus på universell utforming og overordna saker og større kommunale prosessar som til dømes kommunereform.

Det er også nytt at det blir presisert at teknisk utval skal vere involvert i forprosjekt til alle større byggeprosjekt på saksområdet til utvalet som einskildsaker.

Myndet til tildeling av prikkar og vedtak om inndraging av skjenkeløyvet blir flytta frå levekårsutvalet til administrasjonen. Men det skal leggjast fram for levekårsutvalet som melding. Levekårsutvalet skal vere klageorgan for administrasjonen sine vedtak.