Nemnda for skulemuseum ved gamle Snipsøyr skule:

Med i førebuingsnemnda var Willy Nesset, Jon Gjerde, Hans Gisle Holstad, Marit Kvammen og dåverande kultursjef Oddbjørn Grimstad, som var leiar for nemnda.

Nok å fylle museet med

Kvammen og Holstad tok seg ei runde kringom på skulane i Bigset, Hareid og Hjørungavåg for å sjå kva som finst att av inventar og materiell frå tidlegare tider, og ifølgje eit brev dei har sendt til kulturetaten er der meir enn nok til å fylle eit skulemuseum.

Snipsøyr skule er 117 år gammal, og var i bruk for krinsen i tida 1911 til 1961.

Sidan har grendelaget hatt vedlikehald og bruk av skulen som si hovudoppgåve. Bygget er såleis i bra stand.

Vederlagsfritt til kommunen

– Grendelaget ynskjer ikkje lenger å ha huset til grendehus, men vil heller ta seg av andre oppgåver i lokalmiljøet. Dei tilbyr difor skulebygget vederlagsfritt til kommunen med tanke på at det kan bli museum for heile øya. Snipsøyr skule er det einaste som er att av dei mange skulebygga som vart reist på slutten av 1800-talet på Hareidlandet, skriv Marit Kvammen i brevet til kulturetaten og ordførar Anders Riise.

Ikkje berre for Hareid

Nemnda ser føre seg at skulemuseet kan bli eit fint turmål for skuleklasser, ikkje berre frå Hareid, men også frå andre kommunar.

– Med dette innspelet overlèt vi til politikarane i Hareid å kome fram til ei avgjerd om kor vidt vi skal ha eit skulemuseum i kommunen, heiter det i brevet.

Mykje: Marit Kvammen og Hans Gisle Holstad har hatt seg ein tur rundt om til dei andre skulane i kommunen, og har konkludert med at det finst mykje å fylle eit eventuelt skulemuseum med. Her to plakatar som heng på veggene i gamle Snipsøyr skule.