Det har førebels ikkje lykkast Vikebladet Vestposten å få kontakt med den nye styreleiaren, Leif Teksum, for å få vite kva som stod på saklista under det første styremøtet. Men Teksum uttalte til avisa tysdag at Kleven er inne i ein krevjande periode, og at slik kjem det til å bli ei tid framover.

For å berge selskapet har Kleven-konsernet har fått inn 300 millionar kroner i aksjekapital, blant anna frå Hurtigruten, Petter A. Stordalen, InYard Invest (Magnus Roth) og britiske TDR.

Det nye styret i Kleven har denne samansetjinga:

Leif Teksum (styreleiar)

Henrik A. Christensen

Kjersti Kleven

Arild Myrvoll

Anne Kjølseth Ekerholt

Ole -Christian Sandvold

Åge Remøy (vara)

I tillegg vil dei tilsette, som før, vere representerte i styra til Kleven Verft og Myklebust Verft.

Dei nye eigarane

Dette er dei nye eigarane i Kleven:

Silk Bidco 15,9 %

Strawberry Capital 7,9 %

TDR 15,9 %

InYard Invest 19,0 %

Lürssen 11,1 %

Cortex 6,3 %

John Kleven AS 12,7 %

H-Invest 3,2 %

Ansvarleg lån John Kleven AS 3,9 %

Ansvarleg lån H-Invest 0,8 %

Verdi av tidlegare aksjonærar sin del 3,0 %

Vara: Åge Remøy er første vara til det nye Kleven-styret. Her saman med konsernsjef Ståle Rasmussen under kunngjering av ei kontrahering for nokre år sidan. (Arkivfoto). Foto: Anne Gry Eilertsen