Saman med Kongen skal Arthur klippe snora som markerer opninga av bølgekraftverket i Herøy.

Bakgrunnen for at det er nettopp Arthur som får denne oppgåva, er ein teiknekonkurranse som vart arrangert av Waves4Power.   Klassa til Arthur, femteklassa på Ulstein skule, skulle teikne korleis dei såg føre seg framtidas bølgjekraftverk.  Til saman 100 elevar deltok og av desse gjekk Arthur sigrande ut.

Pengepremie til klassa

Klassa får no 10.000 kroner og eit møte med Kong Harald i premie.

Heile klassa er invitert til å vere med på premieutdeling og snorklipping i Fosnavåg torsdag ettermiddag.

- Eg har enno ikkje sett teikninga til Arthur, så den gler eg meg veldig til å sjå, fortel mor Madeleine Pettersson.

Ho reknar med at ho får sett teikninga på arrangementet i Fosnavåg.