Mange hadde tysdag funne vegen til Sunnmøre Folkehøgskule der Ytre Søre Sunnmøre demensforeining arrangerte ope møte. Møtet var eitt ledd i årets demensaksjon, med tema førebygging og behandling av demens.

Til møtet hadde foreininga fått lege og professor Knut Engedal. Han er også leiar av rådet for demens i Nasjonalforeningen for folkehelsa. Engedal har mellom anna gitt ut fleire lærebøker om demens og alderspsykiatri, og heldt eit svært interessant føredrag.

Dobbelt så mange i 2040

Engedal peika mellom anna på at ein framover kjem til å få ei stor utfordring med demens. For medan det er om lag 80.000 personar med demens i Norge per i dag, så vil talet truleg vere dobbelt så stort i 2040.

– Det som vil kome til å skje dei neste 30 åra, og dette er alvorleg frå eit samfunnsperspektiv, er at det blir så mange fleire eldre menneske her i landet. Det er jo i utgangspunktet positivt. Alle som er fødde etter andre verdskrigen har større sjanse til å bli 80 og 90 år enn dei som var fødde etter første verdskrigen.

Og når fleire blir eldre, vil også fleire få demens. For som Engedal understrekar er alder den klart viktigaste årsaka til utvikling av sjukdomen.

– I 2040 vil vi vere over ein million menneske over 70 år. Det vil vere over 100.000 personar med demens som er over 80 år, og der mange har blitt åleinebuande. Den største veksten vil også vere blant dei over 80 år. I denne gruppa har ein gjerne også ein del andre sjukdomar, så då blir dette veldig komplekst. Vi trenger fleire menneske som jobbar innanfor helsesektoren dei komande åra, fortel Engedal.

Fleire faktorar

Legen forklarte at ein dei siste 20 åra har fått eit mykje betre innblikk i faktorar som aukar risikoen for å få demens. Ikkje at ein veit årsaka til kvifor ein får demens, men at ein har fått kunnskap om faktorar som fører til at nokre får sjukdomen, medan andre ikkje får den.

– Dessverre er aldring den sterkaste faktoren. Det er også difor ein ser at dei fleste med demens er gamle. Av dei 80.000 som er demente i Norge, er 75.000 over 65 år. Dei fleste er på veg inn i alderdommen, og jo eldre ein blir, jo større blir sjansen for å få ein demenssjukdom.

– I mitt hovud er det slik at dersom ein nokon gong skal knekke denne koden som er Alzheimers sjukdom, så må vi knekke koden om kvifor vi blir gamle. og så må vi finne ut kvifor nokre blir gamle og er klare i hovudet til dei er 102, medan andre blir uklare allereie som 70-åringar. Kvifor vi blir gamle på ulik måte. Det er noko med den biologiske aldringsprosessen i hjernen som er ulik hos menneske.

Men sjølv om ein ikkje har svaret på kvifor personar eldast på ulikt vis, så har ein funne område der ein kan gjere grep for å minke faren for å utvikle demens.

Ifølgje Engedal kan mellom anna depresjon, høgt blodtrykk, diabetes, overvekt, røyking, liten bruk av hjernen, samt fysisk og mental inaktivitet vere faktorar som aukar faren for demens.

– Dersom ein både røyker, har diabetes, er deprimert og berre sit i ro, så har du ti gongar så høg risiko. Her er det mykje å hente på å endre vanar, meiner legen.

Forseinke, ikkje stoppe

– Då eg var ung stipendiat fekk eg spørsmål frå ein journalist om kor lang tid det ville ta før vi hadde medisin mot Alzheimers sjukdom. Då sa eg «om lag fem år». Eg torer ikkje seie det same i dag, eg tenkjer litt annleis.

Engdal meiner fokuset framover spesielt må ligge på dei som får Alzheimers i ung alder, der det ikkje er andre sjukdomar som spelar inn.

– Eg trur at i mi tid vil ein finne ei behandling som i det minste vil bremse forverringa hos dei yngste pasientane, fortel Engdal.

Demensaksjon: Styret i Ytre Søre Sunnmøre demensforeining. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes
Musikalsk innslag: Storblåsarane frå Kvamsøya. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes