– Folk fryktar overvaking og helserisko i samband med installeringa av dei nye målarane, men bekymringane til folk er ikkje reelle, seier Helge Muren i Mørenett og legg til:

– Før samla vi inn ein målarstand i månaden ved sjølvavlesing. Dei nye målarane vil registrere ein målarstand i timen. Målaren sender data kvar sjette time til oss. Det er ei veldig kort melding som ein kan samanlikne med ei tekstmelding. Total sendetid i døgnet er seks sekund, med ein sendestyrke på 0,5 watt. Mobiltelefonar har ein sendestyrke på maksimalt 2 watt. Difor meiner vi at helserisikoen ikkje er der, og det er vidare bekrefta av Statens strålevern at dette er heilt ufarleg.

– Når det gjeld overvaking, ser vi ingen detaljar i huset. Vi ser den totale mengda med kraft som kjem inn, men kva kunden brukar den til anar vi ikkje.

Fleire fordelar for forbrukar

Det er Noregs vassdrags – og energidirektorat (NVE) som har vedteke at alle straumkundar i Noreg skal ha automatiske straummålarar. Utskiftinga skal skje innan 1. januar 2019. Nettselskapa har fått ansvaret for installeringa og på Sunnmøre er det Mørenett som har fått oppdraget.

– Kva vil dei nye målarane koste forbrukarane?

– Vi gjer dette for at vi skal bli meir nøyaktig og for at vi skal effektivisere det vi held på med. Eg har eit håp om at effektiviseringa vil ete opp det meste av kostnaden, ved at vi vil bruke mindre ressursar på avrekning. Men maksimalt vil det koste ei 20 til 30 kroner ekstra i månaden i nettleige. Nedbetalingstida er på 10 år, slik at det blir små beløp, seier Muren.

– Kva er fordelane med dei nye målarane?

– Som forbrukar vil du få meir detaljert informasjon om ditt eige straumforbruk. Om du fylgjer med, så kan du for eksempel oppdage at du har gløymt å slå av nokre varmekablar på sommarstid. Du kan sjå at forbruket ditt er høgare enn du hadde håpa på.

– Men de har jo ikkje oversikt over kva straumen vert brukt til?

– Nei, vi veit ikkje kva forbrukarane brukar straumen på, men timeverdiane vil kundane sjølv kunne sjå på «Din side» på nettet. Om dei sjølv stussar på kvifor dei brukar 3 kW i timen midt på sommaren når det er så varmt ute, så kan dei sjølv leite etter grunnen til dette forbruket. Vi vil ikkje vite kva årsaka til forbruket er og vi vil heller ikkje tenke at det er unormalt. Men kunden sjølv kan tenke at det er unormalt, ved at dei sjølv tenker at dei har slått av alt men likevel har eit så høgt forbruk, fortel Muren.

– Er ikkje det mogleg for folk å kome fram til dette med dei gamle målarane?

– Ein vil vel ikkje kunne sjå dette om ein les av berre ein gong i månaden. Kanskje, men då må det ofte gå ein månad eller to før ein kan få ein mistanke. Med dei nye målarane kan du få ein mistanke etter nokre dagar eller nokre veker.

– Får forbrukarane fortløpande innblikk i straumforbruket sitt?

– No i starten samlar vi inn ei måleavlesing i veka. Det er ein mjuk og forsiktig start, og etter kvart vil vi samle inn ein målarstand i timen. Men til oss vil målaren berre sende i bolkar, altså kvar sjette time. Desse verdiane vil bli lagt ut på nettet, slik at forbrukaren sjølv kan sjå dei ved å logge seg inn på «Din side».

– Nokon vil kanskje føle at dei gir frå seg kontrollen. Korleis kan forbrukarar sjekke og stole på at tala som vert sendt inn er riktig?

– Vi har framleis eit display på målaren som viser målarstand. Folk kan skrive av den målarstanden ein gong i månaden om dei ynskjer det og samanlikne forbruket med det som kjem på rekninga.

– Når kan folk forvente å få besøk av installatør?

– Vi ser for oss å bli ferdig i Ulsteinvik innan 4–5 veker, og vil starte installering på Hareid om ca. ein månad. Vi sender ut eit informasjonsbrev ein til to veker i forkant, og så vil folk få forslag til tidspunkt i ei tekstmelding etterpå, legg Muren til.

– Kan slappe av

Onsdag var installatør og elektrikar Jonny Brandal på besøk hjå Elisabeth Kristiansen i Ulsteinvik og installerte den nye målaren.

Kristiansen innrømmer at ho ikkje har vore flink nok til å lese av og melde inn målestanden til kraftleverandør kvar månad og trur difor det vert bra med ny målar.

– No når dette vil gå på automatikk, så kan eg fortsette å slappe av. Det kan dei andre som i lag med meg ikkje har vore så flinke å lese av også gjere, seier Kristiansen med eit smil.

Dei nye straummålarane har framleis eit display slik du kan fylgje forbruket ditt. Foto: Ragnhild Vartdal