Fylkeskommunen har gjennomført ein kontroll av Ulstein kommune som myndigheit for forsøpling, open brenning og brenning av avfall i småomnar.

Fylkesmannen gir ingen avvik, men han gir tre merknader basert på svara kommunen gav.

1. Ulstein kommune har mangelfull dokumentasjon i saksoppfølging når det gjeld ulovleg avfallshandtering.

2. Ulstein kommune manglar ei kartlegging av ulovleg avfallshandtering i kommunen.

3. Ulstein kommune manglar mål og handlingsplan når det gjeld ulovleg avfallshandtering.

Kommunen har fått frist på seg til 1. januar 2018 til å kome med ei skriftleg tilbakemelding.

Å ikkje gjere noko er også eit vedtak

Ein merknad blir definert som eit forhold som tilsynsetaten (Fylkesmannen) meiner det er naudsynt å påpeike for å ivareta det ytre miljøet, men som ikkje er omfatta av definisjonen for avvik.

I rapporten frå Fylkesmannen står det at kommunen må vere merksam på at i saker der innbyggjarar eller andre har bede kommunen følgje opp, og kommunen vel å ikkje gje pålegg om opprydding, blir også rekna som eit vedtak. Og det vedtaket kan påklagast. Part i saka har klagerett og må derfor få melding om utfallet av saka.

Etter forureiningslova har kommunane ansvar for tilsyn med forureinings- og avfallssituasjonen i kommunen innan sitt myndigheitsområde. Dette omfattar avdekking av forsøpling, ulovlege avfallsplassar og brenning av avfall. Men Fylkesmannen har inntrykk av at i Ulstein jobbar dei etter tips frå publikum. Kommunen kartlegg ikkje situasjonen i kommunen på eige initiativ.