Daniel Skjeldam er konsernsjef i Hurtigruten, medan Petter A. Stordalen er ein av dei største eigarane.

Kleven skal bygge to avanserte ekspedisjonsskip for Hurtigruten. Ms Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen vert dei første hybriddrivne ekspedisjonsskipa i verda.

Måndag skal dei to møte dei tilsette på Kleven på eit allmøte, der også media får vere til stade. Ifølgje ei pressemelding frå Hurtigruten er det planlagt at møtet skal vare i ein halv time.