Bygningane ligg like ved Melshorn Hotell, nedanfor for Hareid kyrkje.

Nils Erik Skeide, dagleg leiar i Ulstein Betong Constructer, opplyser at rivingsløyvet ikkje har vore på plass før for kort tid sidan. No er det formelle på plass, og målet er å få rive dei raskt.

Der løa og bustadhuset står på «Rosamarka» har Ulstein Betong Constructer hatt planar om å føre opp ei bustadblokk, men Skeide opplyser at desse planane no er lagt litt på is.

Hus nummer tre som skal rivast var tidlegare bustadhuset til Kåre Hareide. Ulstein Betong Constructer eig området, lanserte tanken om å føre opp helsehus på tomta.

– Men Hareid kommune har bestemt seg for ei anna løysing. Så no vil vi bruke litt tid på å legge nye planar for området vi eig i Hareid sentrum. Vi kjem til å sjå begge tomtene i ein heilskap, og prøve å skape eit bustadkvartal med forretning/næring på grunnplan, seier Skeide.