Etter ei avrøysting som frå sidelinja vart opplevd som noko rotete, vart området vest for Ulstein Bil (Rudtomta) valt til plassering for ny brannstasjon i Ulsteinvik. Det vart motteke med hovudristing av tilhøyrarane frå brannvesenet.

Det har totalt vore arbeid fram heile 15 alternative tomter for ein ny brannstasjon, men det var i utgangspunktet tre av dei, Skollebakken, Holsekerdalen og Rudtomta, som vart diskutert i kommunestyret.

Administrasjonen har vurdert dei ulike alternativa etter sju kriterium, og der var det Skollebakken som scora høgast med 67 poeng, medan Holsekerdalen fekk 60 og Rudtomta 49. Spesielt på innsatstid og eigarsituasjon scora sistnemte svakt.

Svelgte kamel

Lokaliseringa av den nye brannstasjonen vart delvis ein debatt om beredskap kontra sentrumsutvikling, der mellom anna ordførar Knut Erik Engh var klar for å gjere unntak frå si vanlege overtyding.

– Eg er meir enn snittet interessert i sentrumsutvikling. Dette handlar likevel først og fremst om beredskap, om å berge liv og verdiar. Når det først tek fyr så går det få minutt frå ein har ein situasjon som kan handterast til det er full overtenning. Eg har svelgt ein kamel og tenkt at her får kanskje sentrumsutviklinga vike for beredskapen, sjølv om det ikkje vil vere noko krise for Ulsteinvik at det ligg ein brannstasjon i sentrum, sa Engh frå talarstolen.

Ordføraren ønskte brannstasjonen lagt til Skollebakken, men i hans parti si kommunestyregruppe var det usemje om kva som var beste alternativet, og Alf Johan Antonsen ønskte at det vart gjennomført gruppemøte før avrøystinga.

Tor Meinseth (Høgre) var heilt klar på at Skollebakken ikkje ville vere det beste alternativet og at det måtte stå mellom Holsekerdalen eller Rudtomta.

– Som teknisk utval var inne på er Skollebakken eit dårleg val. Det ligg nær Amfi, nær rundkøyringa og ein av dei mest trafikkerte vegane i sentrum. Det er også ei av dei få forretningstomtene som er att i sentrum, meinte Meinseth.

Ikkje einige

Hannelore Måseide (Venstre) slo fast at alle dei ulike alternativa til tomt var innanfor dei krava som var stilt til responstid.

– Vi gjer ikkje noko gale ved å velje det eine eller andre.

Måseide var også klar på at ein må sjå framover, og at det kanskje kunne vere aktuelt å samle fleire naudetatar på same stad etter kvart.

– Då treng vi plassen.

Måseide signaliserte at ho kunne vere med på både Holsekerdalen og Rudtomta, medan partikollega Håkon Waage var meir eining med ordføraren.

– Eg trur Skollebakken er beste valet, men med Holsekerdalen som eit alternativ. Dersom noko er ein sentrumsfunksjon så er det funksjonar som har med sikkerheita vår å gjere. Eg vil ha politi og brannstasjon sentralt. Det er viktigare at brannstasjonen har ei sentral plassering enn at rådhuset har det, meinte Waage.

Også i Kristeleg Folkeparti var det ulike meiningar rundt val av tomt. Trond Berg lurte på om ikkje det kunne vere mogleg å sjå på synergiar med private utbyggarar.

– Vi må ha ein ny brannstasjon, men med den økonomiske situasjonen vi er i så må vi også gjere som gode sunnmøringar. Vi må investere ei krone og få att to, sa Berg.

Varaordførar Steinar Torvik var meir i tråd med ordføraren, sjølv om han også helst skulle brukt sentrumsareal til andre ting enn brannstasjon.

– Eg er ikkje fagmann på brannsikring, så i denne saka må eg ha tillit til at eg kan støtte meg på det grundige materialet som er delt ut frå administrasjonen.

Under prøverøystinga var det ingen av tomtene som fekk fleirtal, men etter ei gruppemøte vart det ny avrøysting i tre delar. Først røysta ein over alternativet med Skollebakken, deretter Holsekerdalen før ein til slutt stemte over Rudtomta. Først der fekk ein fleirtal då Rudtomta fekk 13 av 25 røyster.

Ville til sentrum: Ordførar Knut Erik Engh ville helst legge brannstasjonen til Skollebakken. Foto: Ingvild Aursøy Måseide