Det bergenske uttrykket "knall i padden" har blitt ein hit på dansk TV etter at det vart fanga opp på TV-bileta frå sykkel-VM i Bergen denne veka. At publikum skriv beskjedar eller hyllar sine heltar på asfalten under sykkelløp er ikkje noko ukjent fenomen, og noko ein ofte ser i innspurtane av til dømes fjelletapper i Tour de France og liknande løp.

Bergensarane har også kasta seg på denne bølgja under VM, men det er ikkje berre syklistar og bergenske uttrykk som dukkar opp. Også ein ulsteinvikar har fått namnet sitt på asfalten i VM-løypene, for Geir Hasund er ikkje gløymd mellom dei sju fjell.

Den tidlegare fotballspelaren spelte 110 kampar og scora 34 mål for Brann, mellom anna målet som sende Brann til cupfinalen i 1995 og mot lag som PSV Eindhoven og Liverpool i cupvinnarcupen. Slikt kan føre til kultheltstatus i Bergen, og sjølv om det har blitt ein del år sidan Hasund spelte for Brann er det tydlig at ein del framleis huskar spelaren. Denne veka fekk han namnet sitt på asfalten på vegen opp til den spektakulære avslutninga på det individuelle temporittet opp til Fløyen.