Det vart dramatisk på Hareid - Sulesund fredag 1. september, då ferja MF "Ullensvang" gjekk rett på moloen i Hareid. Det enda med ein bøygd rorstamme, og det måtte dermed lagast ein ny i Danmark.

Sidan 1. september har "Ullensvang" hatt tilhald ved Myklebust verft i Gursken, men no kan det sjå ut til at ferja snart kan vere tilbake på Hareid - Sulesund. Ifølgje Sunnmørsposten skal det no berre vere eit klarsignal frå Sjøfartsdirektoratet som manglar før ferja kan gå tilbake i sambandet. Dei skal ha kome med fleire pålegg som måtte utbetrast før ferja får gå inn i normal trafikk.

Til avisa seier reiarlaget at det har funne årsaka til samanstøyten med moloen. Ifølgje Inge André Utåker i Norled at det var snakk om ein mindre alvorleg teknisk feil  som førte til at skipperen vart distrahert.