– Vi treng bustadane, men eg er svært kritisk til saksgangen. Eg vurderte å trekke meg som leiar i levekårsutvalet, for det er ikkje slik vi skal ha det! slo Eldar Knotten (Venstre) fast frå talarstolen i Ulstein kommunestyre torsdag.

Kjende seg ignorerte

Knotten reagerte sterkt på at levekårsutvalet først fekk saka om robuste omsorgsbustadar for personar med spesielle behov (ROP-bustadar) på bordet etter at saka hadde vore i formannskapet.

– At vi treng bustadane er heilt greitt, men vi skulle også brukt litt tid på tomtevalet. Vi burde få lov å diskutere. No kjem det i staden ei byggesak der alt er bestemt og det er eg svært kritisk til. Eg vil gå imot bygginga i det heile, av den grunn at dette ikkje er behandla politisk, sa Knotten.

Også Egil Ulfstein (H) var misnøgd med at ikkje saka gjekk rette vegen.

– Eg ser i saksgangen at levekår skulle hatt saka før formannskapet. Spørsmålet er om det er vits å ha utvalet når ein bryt saksgangen og reglane. Det er utfordrande nok å halde på motivasjonen og interessa for å drive med dette om ein ikkje blir ignorerte som utval. Eg vil minne om at levekårsutvalet bad om å få denne saka, sa Ulfstein.

Skal normalt ikkje skje

Ordførar Knut Erik Engh slo fast at dette ikkje var noko som normalt skal skje.

– Formannskapet var klare over at saka skulle ha vore i levekårsutvalet først, og presiserte i sitt framlegg at det kom til formannskapet først. Levekår er fagutvalet og må tilleggast stor vekt, men alternativet var å utsette saka i to månadar, og det var unødvendig etter mi meining, fortalde Engh.

Det var ikkje Oddvar Gjerde (Sp) einig i.

– Det er ikkje så viktig at ein ikkje kan vente på fagutvalet, slo Gjerde fast.

Ikkje uforsvarleg behandling

Trond Berg (KrF) var setteleiar i levekårsutvalet då saka var til behandling der.

- Eg opplevde det slik at administrasjonen var til stades og svarte godt på dei spørsmåla vi hadde. Vi fekk også ei orientering på eit tidlegare tidspunkt, men bad då om at saka skulle kome tilbake til levekårsutvalet. Dersom vi hadde opplevd at saka var uforsvarleg behandla så ville den blitt avvist der.

Bygginga av ROP-bustadane vart vedteke mot to røyster. Ottar Kaldhol (Ap) meiner kommunen no må bruke tida godt fram til bustadane skal takast i bruk.

– Fellesrådet uttrykte ein viss skepsis til plasseringa. Også fordi nokre av dei som sit der representerer dei som bur i området allereie. Eg vil oppmode om at ein syter for god nok informasjon til dei som bur i området, og informerer om kvifor ein gjer som ein gjer. Då kan ein skape den naudsynte tryggleiken og kanskje vil skepsisen minke, sa Kaldhol.