Det var ekspressbussar, av typen som har belte til alle sitjeplassane om bord og ingen ståplassar, som blei kontrollert av Statens vegvesen under ein storstilt kontroll i heile Midt-Norge førre veke. Brorparten av kontrollane blei difor gjennomført i Trøndelag, då det er mest ekspressbusstrafikk der. Men, det blei også gjennomført kontroll i Møre og Romsdal, blant 42 kontrollerte passasjerar var det berre éin som fekk gebyr for manglande bruk.

- Vi er veldig nøgde med at det var ein svært liten del av dei kontrollerte busspassasjerane som ikkje hadde festa på seg beltet, seier Annette Henden i Statens vegvesen Region midt.

- Beltebruken aukar

Gebyret for å ikkje feste på seg beltet på bussen er på heile 1.500 kr.

- Vi ser at beltebruken blant busspassasjerane aukar. Det hjelper å gjennomføre kontrollar og minne om at ein ikkje berre kan skade seg sjølv, men andre passasjerar, dersom det skjer ei trafikkulukke og ein ikkje er festa med belte i bussen, seier Henden.

Her er lista over talet på kontrollerte, og på kor mange som enda opp med å få gebyr:

Sør-Trøndelag

Kontrollerte: 600

Gebyr: 39

Nord-Trøndelag

Kontrollerte: 593

Gebyr: 8

Møre og Romsdal

Kontrollerte: 42

Gebyr: 1