I perioden 2020 til 2030 er det venta at talet på eldre over 80 år vil auke med 50 prosent, ifølgje Dagsavisen. Det bekymrar Vetvik, som saman med Per Gunnar Disch, nyleg publiserte rapporten «Retorikk og realitetar». Her slår dei fast at bemanningsmangel og underdekning av omsorgsbustader allereie er eit stort problem i kommunane, i tillegg til stor mangel på frivillige.

– Det er store variasjonar, men samla sett er situasjonen i dag svært urovekkjande i mange kommunar. Økonomiproblem, budsjettkutt og beinhard rasjonering av tildeling av tenester og plassar er veldig utbreidd. Bildet er prega av så stor ulikskap mellom kommunane at det kan gi grunn for «velferdsmigrasjon», seier Vetvik.

Dei to forskarane meiner det vil skje ei større overføring av oppgåver frå det offentlege til privatmarknaden og sivilsamfunnet.

Men Kåre Hagen, leiar ved Senter for velferds- og arbeidslivsforsking, er ikkje like negativ. Han ser digitalisering som ei av løysingane.

– Ny teknologi skaper tryggleik og vil føre til at eldre kan vere sjølvhjelpne lenger. Det vil korte ned tida eldre blir buande på sjukeheim. Då vil ikkje kostnadane sjå så urovekkjande ut, seier Hagen.