Søndag 22. oktober går årets TV-aksjon av stabelen på NRK. Unicef er årets mottakar, og lokalt har aksjonskomiteen i Ulsteinvik byrja å verte klare for årets aksjon.

– Vi håpar at folket i Ulsteinvik også i år vil støtte opp under årets TV-aksjon og at mange vil melde seg som bøsseberarar, fortel varaordførar Steinar Torvik.

Han er med i aksjonskomiteen saman med Yonas Berhane, Inger Anne Dimmen, Kari Marie Øvrebøe, Brynhild Ulstein, og Pål Grødahl.

Vil sikre utdanning

Unicef er verdas største hjelpeorganisasjon for barn. Organisasjonen jobbar i 190 land over heile verda.

I år er det Unicef sitt arbeid for å skaffe utdanning til barn i Colombia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan som er målet for TV-aksjonen. I krigs- og konfliktområde står kvart femte barn utan skulegang. Unicef arbeider for at ikkje vaksne sine krigar og konfliktar skal øydelegge barna si framtid.

Vil nå heile Ulstein kommune

Aksjonskomiteen i Ulsteinvik håpar mange kan tenkje seg å støtte aksjonen og at mange vil vere med å hjelpe til med innsamlinga. Dei oppmodar interesserte om å ta kontakt med Kari Marie Øvrebøe som er politisk sekretær i Ulstein kommune, eller ved å melde seg på gjennom nettsida «blimed.no». Der kan ein også finne meir informasjon om årets aksjon.

– Målet er at alle husstandar i Ulstein kommune skal få besøk 22. oktober! slår komiteen fast.

Klar: Yonas Berhane er klar for innsats under årets TV-aksjon.