- Det er nokon som har prøvd å seie at dette er ein redningsaksjon. Dei tek heilt feil. Og om de trur at eg berre investerer i selskap, så tek de feil. Eg investerer i menneske. Vi skal saman sikre at Kleven skal kunne levere båtar i nye hundre år, var noko av det første "hotellkongen" og milliardæren, og no skipsverftsmedeigaren Petter Stordalen, sa til dei tilsette i kantina på Kleven Verft.

Petter Stordalen er blant dei nye medeigarane i Kleven-konsernet, gjennom sitt investeringsselskap Strawberry Equity. Han har også hatt ein finger med i spelet som sikra at også Hurtigruten og deira eigarar TDR går inn i selskapet. Til saman eig dei tre aktørane rundt 40 prosent av Kleven, og er den investorgruppa med størst makt i selskapet.

Stordalen er godt kjend for sitt karismatiske og blide lynne, og det viste han prov på i Kleven-kantina. Han poengterte at Kleven for han var ei norsk suksesshistorie, og at han såg på det som ei stor ære å få vere med og sikre vidare drift.

- Det er mange som trur at suksess er noko som utelukkande handlar om flaks. Det stemmer ikkje. Suksess handlar om gjennomføringskraft. Suksess handlar om det eg såg i robotsveisehallen her på Kleven Verft, det handlar om å tore å gjere ting annleis. Ting som konkurrentane ikkje har gjort. Difor er dette Norges mest moderne verft, sa Stordalen og la til:

- Eg har gjort mykje forskjellig i livet mitt, og vore veldig heldig. Når ein har vore i mange bransjar, slik som eg har, veit ein kva for utfordringar ein kan stå overfor. Dei fleste ønskjer å vere i ein bransje der det aldri går gale, der det aldri går på trynet. Men det er faktisk normalen at det kjem plutselege og brå endringar. Mange spurde meg kvifor då eg opna to hotell, eller tre var det kanskje, i Stavanger, då oljeprisen stupte. Eg svara; "fordi eg ikkje visste at den skulle stupe".

Skrytte av dei tilsette og Kleven-familien

Det blei tidlegare i år kjent at dei tilsette aksepterte å låne verftet pengar, for å vere med på å sikre vidare drift. Gjennom månadlege lønnstrekk vil dei tilsette bidra med 24 millionar i ansvarlege lån.

Les også: - Avtalen viser solidaritet i praksis

I sin tale til dei tilsette ønskte Petter Stordalen å trekkje fram dei tilsette i Kleven-konsernet si vilje til nettopp å vere med på å redde sin eigen arbeidsplass.

- Det at de har gitt av dykk sjølve, både de som er tilsett i selskapet, og Kleven-familien, er det viktigaste bidraget til at vi investerte i Kleven. Det er også det viktigaste bidraget til at bankane ønskte å jobbe vidare for å finne ei løysing. Eg hadde veldig lyst til å vere med og bevise at norsk verftsindustri har ei framtid, dersom industrien tør å tenkje nytt, seier Petter Stordalen.

- Eg er overtydd om éin ting. Kleven skal byggje båtar, og det i lang tid framover.

- Verda står for Kleven sine dører

Konsernsjefen i Hurtigruten, Daniel Skjeldam, var i likskap med Petter Stordalen, veldig godt nøgd med å få møte dei tilsette etter at Hurtigruten og Stordalen har kome inn som nye medeigarar.

- Vi meiner timinga for å no styrke Kleven for framtida er heilt optimal. I 2012 kom både Petter og eg inn i Hurtigruten, på eit tidspunkt der vi nesten var konkurs. Vi var heilt på felgen. Saman med våre 2.500 tilsette har vi vore gjennom ei knallhard omstilling. Det gjer at vi i år, i 2017, er verdas fremste ekspedisjonscruise-aktør. Vi er størst i Antarktis, vi er størst i Arktis, og vi flytter grensene for den maritime næringa. Omstilling er spanande, og det er då moglegheitene delast ut på nytt. Vi gler oss skikkeleg til å samarbeide med alle dei dyktige tilsette i Kleven framover. Saman skal vi byggje dei råaste skipa i verda, sa Skjeldam og la til:

- Legg sjela dykkar i bygginga av desse ekspedisjonsskipa, saman med oss, så er eg sikker på at verda står for Kleven sine dører framover.

Nærast som ein Messias tala Petter Stordalen for dei tilsette i Kleven måndag formiddag. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.