Stordalen er kjend som ein litt uortodoks næringslivsleiar, men også for å vere ein som spanderer heftig på sine tilsette. No som «hotellkongen» og milliardæren er ein av dei nye medeigarane i Kleven-konsernet, var det vel berre på sin plass å ta på seg spanderbuksene også på Kleven Verft. For då både Stordalen og Hurtigruten-konsernsjef Daniel Skjeldam var ferdige med sine talar til dei tilsette, var det klart for ei spørsmålsrunde, der dei tilsette kunne stille spørsmål til dei to nye medeigarane. Først blei det heilt stille, og ingen såg ut til å ville ta ordet.

Då kom Petter Stordalen på bana, på karakteristisk vis.

– Kom igjen, det er eitt spørsmål. Ok. Førstemann som stiller eit veldig smart spørsmål skal få eit helgeopphald på eit fritt valt hotell i Norden, så lenge det er eitt av våre. Den første som strekkjer armen i vêret. Tenk på kjærasten din! brølte Stordalen ut til salen, til øyredøyvande latter frå dei tilsette.

Vil byggje fleire skip på Kleven

Så kom det opp ei hand. Det var Audun Røren som spurde Stordalen og Skjeldam om det kom til å bli fleire båtar Kleven får bygge for Hurtigruten i framtida.

– Godt spørsmål! kvitterte Stordalen med.

Det blei så opp til konsernsjef Skjeldam å faktisk svare på spørsmålet.

– Den delen av cruise som vi etablerer oss i no, opplevingscruisenæringa, kjem til å vekse kraftig framover. Det blir mange, mange fleire som ønskjer å dra ut i verda og sjå meir spektakulære område på planeten, sa Skjeldam.

Som også fortalde at han håper at Hurtigruten vil byggje fleire skip enn dei to pluss to i opsjon dei no har inne bestilling på ved Kleven Verft.

– Ein fin fyr

Då lokalavisa kom i prat med Audun Røren etter det første møtet med Stordalen, trudde han det berre var ein spøk at han skulle få hotellopphald i gåve. Han fekk derimot vite at det var det ikkje, for det var det første Stordalen fekk sin assistent til å fikse før han skulle ut og møte pressa.

– Hehe. Det er jo veldig kjekt då. Ein fin fyr, han Petter. Eg er positiv til at han med fleire har kome inn, og at dei genuint ønskjer oss tilsette vel, seier Røren.

Petter Stordalen har her nettopp lova den første frå salen som stilte han og Hurtigruten-sjef Daniel Skjeldam (t.v.) eit spørsmål, ein hotellweekend for to på eitt av hans hotell i Norden. Han heldt løftet sitt, og Audun Røren var den som var oppe med handa først. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll