Avtalen som gjorde at reiarlaget Rostein AS sitt morselskap Rofisk AS blei ny hovudeigar i Larsnes Mek. Verksted AS blei inngått allereie i slutten av 2014, men tredde i kraft i november 2015. Snart to år etter at det Harøy-baserte brønnbåtreiarlaget blei største eigar, går det betre enn nokosinne for verftet, som i dag tel over 50 tilsette. Eit tradisjonsrikt verft med røter heilt tilbake til då Karl Longva starta mekanisk verksted på Larsnes i 1916, på Holmen, der det framleis ligg.

Økonomisk har det heilt klart vore ei suksesshistorie med ny hovudeigar, då resultatet før skatt endra seg frå 8,1 millionar kroner i 2015 til 24,3 millionar kroner i toppåret 2016. Driftsinntektene auka frå 225,5 millionar i 2015 til heile 488 millionar kroner året etter.

– Verftet har i dag ein ordrereserve på 1 milliard kroner, så eg vil seie vi gjer det ganske bra, seier dagleg leiar Jarle Gunnarstein etterfølgt av sin karakteristiske latter.

– Valde rett

Vikebladet Vestposten møtte Gunnarstein på kontoret hans onsdag, innimellom telefonar og kundemøte. Han meiner Larsnes Mek. i likskap med fleire andre mellomstore skipsverft gjorde gode val i god tid før og under første tida etter at oljekrisa var eit faktum.

– Om ein ser på situasjonen til dei ulike aktørane i verftsklynga i dag, så er det hovudsakleg dei største verfta som slit. Dei mellomstore verfta, som til dømes Fitjar mekaniske verksted, Vaagland Mek. Verksted, Aas Mek. Verksted og oss, hadde alle det beste året sitt nokosinne i 2016. Verken vi eller dei tre andre har vore involvert i bygging av skip til olje- og gassindustrien, men i staden satsa på fiske og oppdrett. Eg vil seie at vi valde rett satsingsområde, seier Jarle Gunnarstein.

– Det har vore ei fantastisk reise

Dei fleste har nok fått med seg at Kleven-konsernet nyleg fekk i hamn ei løysing som gjer at nye medeigarar spyttar inn frisk kapital i selskapet. Då Rofisk og det verdsleiande brønnbåtreiarlaget og dotterselskapet Rostein gjekk inn i Larsnes Mek. Verksted, var ikkje situasjonen så alvorleg som den var for Kleven. Men, Jarle Gunnarstein ser heilt klart parallellar mellom det som skjedde med Larsnes Mek. og det som nettopp skjedde med Kleven. Han meiner løysinga Kleven har fått i hamn er svært positiv.

– For oss har det vore ei fantastisk reise så langt. Sidan Rofisk gjekk inn i har vi bygd fire båtar for dei. I tillegg har vi hatt stor aktivitet på reparasjonar og ombygging på fleire andre Rostein-båtar. Hurtigruten har mange båtar, også i drift, og dei skal byggje fleire. At dei no er inne som ny medeigar i Kleven, og saman med andre investorar utgjer den største delen av aksjonærane, trur eg berre vil vere noko Kleven vil vinne på, seier Gunnarstein.

– Vi merkar ikkje så mykje av Rofisk i det daglege, men dei er her frå tid til anna for å helse på og sjekke at alt er som det skal.

Han viser også til verfta i Tyrkia, som ofte er eigde av reiarlag.

– Også norske reiarar byggjer fiskebåtar ved verft i Tyrkia, sjølv om det er andre reiarlag som eig verfta. Etter at Rofisk blei hovudeigaren vår, har vi skrive kontrakt på fem fiskebåtar og ein brønnbåt. Til dømes skal vi byggje for Hovden Senior igjen, den tredje vi byggjer for dei, seier Jarle Gunnarstein og legg til:

– Oljen blir «ung» i denne samanhengen. Fisk har vi levd av i all den tid, og slik vil det framleis vere. Oppdrett ser vi berre byrjinga på no. Men behovet for nye båtar av begge typar er eg sikker på vil auke.

Larsnes Mek. Verkstad er med dagens ordrebok sikra arbeid til ut i midten av 2018.