Hareid har dermed to gonger på rad reist seg etter stortap for topplag denne hausten. Då laget tapte 7-0 for Hødd2 tok dei det igjen ved å slå Skarbøvik 3-2. Etter det sviande 9-0-tapet for Volda i siste runde reiste dei altså kjerringa ved å spele 0-0 mot sterke Bergsøy.

Når så er sagt, hadde det vore lite å seie på at Bergsøy hadde fått med seg alle tre poenga frå denne kampen. I 2. omgang hadde herøyværingane tre-fire kjempesjansar, men Hareid-forsvaret jobba heroisk og keeper Rikard Osnes var der han skulle vere kvar gong.

Hareid hadde på si side eit par bra sjansar ved August Brandal og Fredrik Andresen i dei aller første minutta av kampen. Men etter det var det meir enn langt mellom sjanseskapinga.

Bergsøy fekk utvist spissen Franjo Tepuric fem minutt før slutt. Han vart forresten godt temd av Hareid-stoppar Simon Holstad Grimstad, som saman med onkel Lars Roar Holstad og keeper Osnes alltid var der dei skulle vere.

* VERDT Å MERKE SEG: Før kampen var det eitt minutts stillheit for Sindre Hareide, som døydde uventa nyleg berre 63 år gamal. Sindre er ein av dei som har aller lengst tenestetid i administrativt arbeid i Hareid IL si fotballgruppe. Blant anna var han trenar for Hareid sitt damelag og oppmann på herrelaget i dei gylne 80-åra. Under innmarsjen på Hareidsmyrane stadion fredag vart Liverpool-hymnen "You'll never walk alone" spelt.

* OGSÅ VERDT Å MERKE SEG: Til denne kampen var Simon Holstad Grimstad tilbake som midtstoppar i Hareid-forsvaret etter eit lengre skadefråvær. Han har stått over Hareid sine stortap denne hausten og markerte tilbakevendinga med å både bere kapteinsbundet og markere ein "smultring" (null baklengs) i dagboka.

Runderesultat: Norborg-Godøy 4-5, Hareid-Bergsøy 0-0, Emblem-Volda 0-1, Sykkylven-Skarbøvik 0-4, Langevåg-Rollon 2-1.

TABELL: Hødd2 47 – Volda 41 – Bergsøy 40 – Emblem 27 – Hareid 26 – Skarbøvik 25 – Larsnes/Gursken 22 – Sykkylven 22 – Rollon 20 – Langevåg 16 – Godøy 15 – Norborg 13.

* Larsnes/Gursken og Hødd2 har ein kamp mindre enn dei andre. Dei møtest 2. oktober. Etter den kampen har alle laga tre kampar att å spele.

KAMPFAKTA:

4.-div., Hareidsmyrane stadion:

Hareid-Bergsøy 0-0

HAREID: Rikard Johannes Osnes, Nauris Driksna, Lars Roar Holstad, Simon Holstad Grimstad, Henrik Holstad - Ruben Kenneth Brandal, Ben Buntu, Henrik Grimstad, Håvard Øvrelid, Fredrik Andresen, August Brandal. Innbytte i 10 minutt: Kim Alvestad, Gustav Bjørlykke og Eiliv Tore Howlid.

*** Rikard Osnes

** Simon Holstad Grimstad

* Lars Roar Holstad