Den første filmen som vart vist på kinoen 12. oktober for ti år sidan var Harry Potter og Fønixordenen. Kinoen vart ein suksess frå første stund. Første heile driftsåret hadde kinoen 18 000 besøkande. Ein del lurte nok på om denne suksessen kunne vare, men folk heldt fram med å strøyme til kinoen, og det vart stadig sett nede publikumsrekordar. 2016 slo alle rekordar med heile 33 000 besøkande!

– Det har vore eit eventyr, kommenterer kinosjef Kristine Brungot. – Eg har vore så heldig å få vere med heilt frå starten – både planlegginga og oppstarten, noko som var både utfordrande og moro!

Har skjedd ein del

Sjøborg kino starta opp med filmrullar, men vart digitalisert i 2011. Det var ein viktig milepæl for kinoen. Det vart fleire premierar, fleire titlar, 3D og større moglegheiter. Rett og slett eit betre tilbod.

Sidan oppstarten har det også blir fleire framsyningar i veka. No er det kvar dag, men hovudfokus på dei store kinodagane laurdag og sundag.

Barnefamiliane og ungdomane er viktige og ivrige brukarar av kinoen. Etter kvart har han også fått ein del trufaste publikummarar mellom dei vaksne, som nok er dei vanskelegaste å lokke ut av sofakroken, trur kinosjefen. Men med dei rette filmane kjem også denne gruppa.

– Filmar som «Ishavsblod», «Kongens nei» og «Max Manus» har fått mange eldre inn i kinosalen, og det er noko av det eg som kinosjef synest er alles mest stas! Elles veldig kjekt når folk på nitti år besøkjer kinoen for første gong!

Utover det vanlege kinotilbodet har Sjøborg kino babykino, dagkino, festpremierar og Den store kinodagen. Dette er ting dei gjerne vil gjere meir av, men det dei får til her er avhengig av filmutval og kapasitet.

Kinosjefen synest i grunnen det er godt gjort at kinoen berre blir meir og meir brukt. Folk får stadig betre anlegg heime.

– Det viser at film framleis er best på kino, seier Brungot.

Tankar om framtida

Ein draum er sjølvsagt å få ein kinosal til, men no gler Brungot seg til å få nye kinostolar neste år. Regulerbare stolar med brushaldarar vil gje publikum ei endå betre kinooppleving.

Elles skjer det mykje når det gjeld det tekniske på kinofronten, i minst i høve til lyd og bilete.

– Sjøborg kino må sjølvsagt hengje med vidare for å vere attraktive og konkurransedyktige, seier kinosjefen.

Gratis filmar, kake og premiar

Kinosjefen har lyst til å gje noko tilbake til publikum, så laurdag 14. oktober blir det bursdagsfeiring med gratis filmar heile dagen, ansiktsmåling, kake og premiar.

Det blir heile tre gratisframsyningar av «Dyrene i Hakkebakkeskogen», basert på Thorbjørn Egner sin klassikar. For dei som er litt eldre har dei sett opp gratisframsyning av «Rogue One: A Star Wars History», eit populært gjensyn medan me ventar på neste kapittel i Star Wars-historia som kjem i desember.

– Før denne filmen har me «trailershow» der publikum (over 15 år) kan sjå dei ferske trailerane for filmar som kjem for ungdom/unge vaksne. Håpar mange vil få med seg dette! her blir det også trekning av kinobillettar for ein person for eit heilt år, fortel Brungot.

Ho seier at folk gjerne må stikke innom og vere med på feiringa sjølv om dei ikkje har tenkt seg på kino denne dagen. Kinoen blir pynta, her blir kake, ballongar og god stemning.

15 mest besøkte filmane på Sjøborg kino 2007-2017:

1. Bølgen 4077

2. Solan og Ludvig - Jul i Flåklypa 3320

3. Max Manus 2541

4. Kon-Tiki 2370

5. Istid 3: Dinosaurene kommer 2246

6. Istid 4: Kontinenter på avveie 2122

7. Kongens nei 1972

8. James Bond: Skyfall 1748

9. Børning 2 1707

10. Pirates of the Caribbean: On stranger Tides 1686

11. James Bond: Spectre 1621

12. Mamma Mia 1618

13. Avatar 1595

14. Snekker Andersen og Julenissen 1509

15. Et helt halvt år 1489