I alt vil det bli skipa til 22 arrangement i løpet av stemneveka.

Først ut er Polarkveld på Ishavsmuseet fredag 13. oktober. Den offisielle opninga av årets stemne skjer først laurdag. Deretter går det slag i slag med kunstutstillingar, brasskonsert, gudstenester, ungdomskveld, balljegòve, speidarmimring, jubileumsframsyning og landevegsløp for å nemne noko.

For ikkje å gløyme konserten med Ketil Bjørnstad og ikkje minst stemnefesten.

Innanfrå og utanfrå

– På stemnefesten vert det naturlegvis ei mønstring av lokalt kulturliv, men vi har også henta inn krefter utanfrå, fortel Kari Riise i programnemnda. Mellom dei som skal opptre er songtalenta Louise Engeseth og Kaja Rode, kjende frå høvesvis Norske Talenter og The Voice.

– Det er også stas at vi endeleg har fått nobelprisvinnar og utflytta hareidsdøl Edvard Moser som stemnetalar. Han har vi booka inn for lenge sidan, seier Riise.

Når det gjeld billettar til dei ulike arrangementa kan desse kjøpast på nett, hos Strax bokhandel på Hareid eller ved døra. Der vert det også høve til å nytte betalingstenesta Vipps.

– For dei som bestiller billettar på nett vert det også høve til å reservere sete i Hareidhallen, fortel Hans Otto Øvrelid, også han medlem i programnemnda.

Flyttar frå Holesanden

Hareid Mållag si Balljegòve, med den populære kombinasjonen potetball og gode historier, er denne flytta frå Holesanden til aulaen ved Hareid ungdomsskule. Årsaka til dette er at kapasiteten på Holesanden dei siste åra har vore sprengt, slik at arrangørane har vore nøydde til å avvise folk. Ved dette arrangementet vert det berre billettsal ved døra.

– Og ved arrangementet «Fortid vert framtid» vert det ikkje billettsal i det heile. Det er gratis, skyt musikk- og kulturskulerektor Torgeir Hauge inn. Denne spesiallaga framsyninga i høve Hareid kommune sitt 100-årsjubileum er eit samarbeid mellom Hareid musikk- og kulturskule og 10. klasse ved Hareid ungdomsskule.

For nærare opplysningar rundt billettsal og anna syner dei til Hareidsstemna sine sider på nett og på Facebook.

Alle husstandar i Hareid og Ulstein skal no ha fått årets program for Hareidsstemna i postkassa si.

– Dersom det er nokon som ikkje har fått programmet, så finst dette å få tak i på Hareid Rådhus og på Strax bokhandel, tipsar Øvrelid.

Avhengig av støttespelarane

Hans Otto Øvrelid fortel at arrangementet har eit forholdsvis stort budsjett.

– Utan støtte frå store og små sponsorar ville det ha vore uråd å få det til, seier han.

Sparebanken Møre er, saman med Hareid kommune, Hareid Group og Jets, hovudsponsorar for Hareidsstemna 2017.

Banken har støtta Hareidsstemna økonomisk i ei årrekkje.

– Vi er med og støttar dette fordi vi vil at folk i Hareid skal ha det bra, ikkje minst born og unge. Kultur er viktig for å trivast og eg tykkjer at Hareidsstemna med si store breidde er midt i blinken. Det er også viktig for oss at overskotet i banken vert ført tilbake til lokalsamfunnet, seier Melinda Skeide, banksjef ved Sparebanken Møre si avdeling i Hareid.

Banken samarbeider også med Hareid kommune om utdeling av Ungdommens kulturpris og Hareidsprisen, to prisar som går til einskildpersonar eller lag og foreiningar i Hareid som har gjort ein særleg stor og verdfull innsats innanfor det utvida kulturomgrepet, slik det står i statuttane.

– Begge desse prisane vil verte delt ut under Hareidsstemna, opplyser Skeide.

Årets stemnetalar: Edvard Moser. Foto: NTNU