I desember 2015 vedtok Ulstein kommunestyre ein reguleringsplan for Skeide. Med planen legg kommunen til rette for fleire bustader på Skeide.

Men Ulstein kommune har ikkje greidd å kome til semje med alle grunneigarane. Det ligg føre signert avtale frå om lag 32 av 52 eigedommar. Assisterande rådmann Arne Runar Vik skriv i sakspapira at han reknar med at kommunen vil få til frivillige avtalar med for ein god del av eigedommane som står igjen. Men det er ikkje avklara før alle har signert.

Oreigne rundt turnhallen?

Det skal ha vore halde mange tingingsmøte mellom kommunen og grunneigarar for mange takstnummer.

For takst 10, der Lindor Skeide, Astrid Urvik Borg, Svenning Skeide, Bodil Skeide og Vivian Skeide som står eigarar, har kommune fått tilbakemelding om at dei ikkje godkjenner kommune sitt tilbod om frivillig avtale, som kommune laga etter forhandlingsmøte i sommar.

Ein god del av grunneigarane på Skeide nyttar advokat i denne saka. Ingvar H. Seth, som er kommunen sin advokat i denne saka, rår kommunen til å gå til oreigning av delar av denne eigedommen som har fleire bruksnummer.

Føremålet i reguleringsplanen som inngrepet gjeld er bustadhus (både frittliggjande småhus og konsentrert småhus), industri, veg, fortau, gang- og sykkelveg og friområdet. Samla areal er om lag 23 000 kvm.

Om lag 40 kvm av eigedommen som kommunen har planlagt å kjøpe er avsett til landbruks-, natur- og friluftsområde (LNF) i reguleringsplanen. Det er ikkje mogleg å oreigne grunn som er avsett til LNF. Bustadhusa på eigedomen er ikkje bebudde, og kan rivast. Bygget som ligg på regulert industriareal blir nytta som lager og turnhall. Areala elles blir haldne ved like ved maskinell slått, står det i sakspapira til formannskapet.

Administrasjonen meiner at oreigninga er meir til gagn enn til skade. Den aktuelle eigedommen har nesten 10 daa med bustadareal og 5 daa til vegareal der 1,5 daa vegareal er naudsynt for å gjennomføre den planlagde tomteutbygginga på Skeide. Dessutan er 3,1 daa til friområde og leik.

Saka skal opp i formannskapet 17. oktober, før ho blir endeleg vedteke i kommunestyret.