Det å kunne nyte ein litt meir eksklusiv kebab gir god kjensle av helg og kos utan å vere typisk ”usunn fast-food”. Dette er rett og slett ein nordisk utgåve av kebab, og er fylt med gode norske smakar som lam, purre, sopp og tyttebær. Dersom du er på jakt etter noko skikkeleg snadder til middagskosen er dette noko å prøve i helga.

Retten ropar haust med sine gode norske råvarer som harmonerer nydeleg saman. Feitt frå lammekjøtet gjer at lammeskaven får sprø og gylden steikeskorpe når du steiker den på høg varme. Dette saman med god smak frå timian, rosmarin, kvitløk, kantarell og bittersøtt tyttebærsyltetøy gjer måltidet til ei smakfull affære. Server i mjuke pitabrød (gjerne heimelaga) og nyt!

Ingrediensar for 4 personar:

400 g lammeskav

200 g kantarell (evt. annan type sopp)

1 fedd kvitløk, finhakka

ca. 1 ts tørka timian

ca. 1 ts tørka rosmarin

salt & pepar

smør, til steiking

¼ purreløk

Til servering:

4 stk. pitabrød

lettrømme

tyttebærsyltetøy

fersk timian

Varm opp ei steikepanne og legg i kantarellen. Lat den steike på middels høg varme til den slepp ein del væske. Ha i litt smør og krydre med litt salt og pepar. Legg til sides. Ha ein klatt smør i panna og steik lammeskav på høg varme til den blir gylden på farge og får steikeskorpe. Skru ned varmen litt og ha i kvitløk og kantarellen. Krydre med rosmarin og timian. Smak til med salt og pepar. Skjær opp purre i ringar på ca. 1 cm og ha i panna. Lat det steike med i nokre minutt ekstra.

Varm opp pitabrød i mikrobølgjeomn eller steikeomn. Server lune pitabrød fylt med kjøt-og soppblandinga, tyttebærsyltetøy, rømme og gjerne litt fersk timian.

mat: Matspalta står på trykk kvar laurdag. Kari Ryslett og Mari-Lene Korsnes er spaltistar. Spalta er eit samarbeid mellom Vikebladet Vestposten og Møre-Nytt. OM SPALTISTEN: Mari-Lene Korsnes er for tida student i Matkultur og helse ved Hægskulen i Volda, jobbar som butikkmedarbeidar og driv i tillegg matbloggen www.medhjerteformat.com. - Min store lidenskap her i livet er mat og då spesielt mat laga frå botnen av. Eg håper med dette å kunne inspirere og påverke andre til å eksperimentere og kose seg med matlaging. Foto: Privat