Statistansvarleg for NRK-produserte "Heimebane", Kamilla Moe, er igjen på jakt etter statistar.

- Denne gongen ønskjer vi oss statistar som kan vere supporterar på Høddvoll. Det blir som tidlegare servert varm lunsj. Oppdraget er også honorert, seier Moe til Vikebladet Vestposten.

Innspelinga tysdag vil føregå mellom klokka 09.30 og 17.30 (seinast). Er ein interessert, kan ein sende informasjon om seg sjølv til kamilla.moe@nrk.no.