Etter Vikebladet Vestposten førre veke skreiv at forfattar Asle Geir Widnes Johansen namngir lokale landssvikarar i 100-årsboka om Hareid kommune, har han fått ein del reaksjonar. Det hadde han i grunnen venta seg, men han likar dårleg at folk sender tekstmeldingar til mora hans og klagar over sonen.

– Det har ikkje vore noko enkel sak, seier han og kjenner seg ikkje skråsikker på at han gjer det rette. Men temaet har vore grundig diskutert.

Hareid historielag har nemnd opp ei ressursgruppe der dette har vore diskutert. Johansen har også vore i kontakt med ein forfattar som har gitt ut liknande historiske verk. Konklusjonen vart at alle som har vore i retten for landssvik skal nemnast med namn. Nokre vart dømde, andre frikjende.

Sjølv om han har ei ressursgruppe i ryggen, tar han på seg ansvaret som forfattar for boka.

Sanninga

Johansen seier at det har versert mange rykte og halvsanningar om kven som var nazistar under krigen. Det er også folk som hadde rykte på seg, som vart frikjende. Det er også ein del av biletet.

– Eg vil reinske litt opp og få fram sanninga. Eg fordømmer ingen, seier han og legg til at boka er skrive i ein nøktern stil.

Asle Geir Widnes Johansen har eit langt liv bak seg som journalist og redaktør. Frå journalistikken er han van med å vege omsynet til einskildindividet opp mot sanninga og kva som er samfunnet si interesse. Han viser til Frank Aarebrot som uttalte at ein må vere meir opptatt av etterkomarane til andre enn berre etterkomarane til landssvikarane.

Berre ein liten del av boka

Boka om Hareid er på mellom 600 og 700 sider. Det er berre nokre få sider som omhandlar landssvikarane. Forfattaren håpar at boka blir kjøpt av andre grunnar enn at folk vil lese namna på landssvikarane. Namna finn dei dessutan også andre stader. I 2014 vart boka «Liste nr. 1» gitt ut. Der står alle namna.

Han har prøvd å få fleire etterkomarar av dei namngjevne landssvikarane i tale, utan hell.

Sigrar og nederlag

I boka om Hareid si hundreårige historie skildrar han sigrar og nederlag, suksessar og motstand. Her blir historia skildra i alle sine valørar. Johansen har ikkje vore interessert i å lage eit glansbilete av kommunen.

Han har vore opptatt av å sjå på kva slags verdiar som styrer, og har styrt, lokalsamfunnet.

Mange røyster har fått kome til orde for å spegle samtida. Det har vore mange kulturkonfliktar. Mellom anna vart det samla inn 500 underskrifter mot at Hareid skulle få seg kino. Det vart ikkje lov å danse på ungdomsskulen før langt ut på 80-talet.

– Eg har lese nekrologar i lokalavisa for å avsløre kva verdisyn der er, fortel Johansen.

Ut ifrå nekrologane les han at kvinna sin plass var heime. Ho skulle føde born, stelle heimen, teie stilt og gå inn i bedehusforeininga. «Ei tenande ånd».

Kvinnene kom seint med i styre og stell. Dette meiner han heng saman med religion og kultur.

Kommunen vart oppretta i ein optimistisk periode då det var gode tider. Berre få år seinare kom det økonomisk krakket. Den eine krisa tok den andre. Men Hareid greidde å kjempe seg opp igjen. På 50-talet var Hareid den størte sildekommunen i Noreg.

Boka skildrar både oppturar og nedturar.