– Folk må berre glede seg! Eg har sett dei første episodane, og eg både grein og lo. Og så vart eg glad i karakterane, fortel Hagen.

Heimebane er ein dramaserie i ti episodar om fotballklubben Varg og trenaren Helena, spelt av Ane Dahl Torp. Opptaka er i hovudsak gjort på Hareidlandet, og serien skal visast på NRK1 til våren.

Klipper alt parallellt

Serien vert redigert i Oslo, og alle dei ti episodane vert klipte parallellt. Dei siste vekene har teamet filma til episodane 9 og 10. Siste opptaksdag i Ulsteinvik er fredag denne veka.

– Vi er kjempefornøgde, det håper eg sjåarane vil merke. Vi har laga den serien vi hadde lyst til å lage, seier Hagen.

Ho er gift med serieskapar Johan Fasting og saman har dei ei dotter snart er to år gamal.

Vert alt i Heimebane som de hadde sett føre dykk?

– Det er eit vanskeleg spørsmål. Noko vart som venta, noko vart annleis- og noko har vorte betre.

Har vêret skapt mykje bryderi for dykk?

– Nei, vêret har vore nesten problemfritt, eg føler at vi har hatt mykje flaks. Bortsett frå dei første opptaksdagane i vår, då vi fekk alle årstidene på ei veke, synest eg det har vore veldig stabil, seier Hagen.

Heimebane er hennar debut som produsent. 27-åringen har utdanning frå Filmskolen på Lillehammer og fekk fast jobb i tv-produksjonsselskapet Motlys for fire år sidan.

– Som produsent er eg økonomisk og administrativt ansvarleg for produksjonen. Eg har flinke og røynde folk rundt meg, heldigvis, for Heimebane er eit stor prosjekt å debutere med, fortel ho.

Rosar mottakinga

Produsenten er svært fornøgd med at Ulsteinsamfunnet har stilt opp for produksjonen.

– Det er heilt fantastisk å vere her, vi har fått statistar og fått filme heime hos folk her. Vi har rett og slett vorte strålande imottekne av hotellet, kommunen, Hødd og innbyggarane, seier ho, og røpar at ho har knytt seg til Ulsteinvik.

– Ja, eg sat i Oslo og såg Karsten Warholm vinne VM. Då kjende eg at ikkje var sånn Noregsstolt, men Ulsteinvikstolt, ler Vilje Kathrine Hagen.