I løpet av september vart det tinglyst 17 eigedomsoverdragingar i Ulstein kommune. Det erin ein solid auke frå dei 12 som var registrert i august, men også denne månaden er Ulstein langt bak Herøy. I Herøy var det nemleg heile 31 eigedomar som skifta eigar i løpet av september. Det er nesten like mange som vart tinglyst i Ulstein dersom ein slår saman juli og august.

For Hareid sin del var det ni eigedomar som vart tinglyste i september, medan Sande følgjer tett etter med sju.

Forklaring til kartet: Kvar sirkel viser kor mange eigedomar som er selt i eit område. Klikk på sirkelen for ei meir detaljert visning. Du kan også klikke deg inn på kvar einskild eigedom for å få historikk. Du kan velje å nytte ei kartvisning eller du kan sjå flyfoto over området ved å trykke på firkanten på høgresida i toppen av biletet.