NPK-Hallvard Østrem

Ragnar Ulstein var sjølv aktiv motstandsmann under krigen, men for han var ikkje kampen over da freden kom. Som journalist og forfattar reiste han gjennom tre tiår landet rundt og intervjua over 1.300 krigsveteranar om det dei hadde opplevd under krigen. Arkivet han lèt etter seg, er enormt.

– Det går ikkje an å overvurdere den innsatsen Ragnar Ulstein har gjort med dette. Han har skrive sjølve grunnlitteraturen om den norske motstandskampen under andre verdskrigen, seier forfattar Gunnar Myklebust.

Under krigen vart Ulstein med i Kompani Linge i Storbritannia og deltok i fleire aksjonar i Noreg. Mot slutten av krigen fekk han ansvaret for å byggje opp Milorg-styrkane i Sogn og Fjordane, og etter krigen melde han seg til teneste i Tysklandsbrigaden.

Brennande engasjement

I boka "Ragnar Ulstein i krig og fred" fortel Myklebust om dei tidlege åra hans på småbruket på Ulsteinstranda ved Ulsteinvik på Sunnmøre og korleis oppveksten der forma ein ung mann med eit brennande engasjement for fridom, menneskerettar og demokrati – og klar motstand nazismen.

– Han vakna nærmast da han på trettitalet såg i avisa eit bilete av ein flyktning som låg drepen i ein piggtråd etter ha prøvd å flykte frå det nye tyske riket til Nederland. Flyktningen var jøde. Dette biletet gjorde så sterkt inntrykk på syttenåringen Ragnar Ulstein at han der og da erklærte seg som antinazist, fortel Myklebust.

– Den kampen som han da byrja på, har på ein måte styrt heile livet hans. Det har òg vore mykje av motivet hans for å drive med historieformidling. Han er opptatt av at ingen må gløyme at det er nokon som har gitt oss den fridommen vi har i dag, at etterkrigsgenerasjonane skal hugse kva det kosta å bevare den norske fridommen, og at det ikkje kjem gratis og av seg sjølv. Det må kjempast for.

Mange bøker

Ulstein starta dokumentasjonsarbeidet sitt som medforfattar av tobandsverket som kom ut om Kompani Linge i 1948. I åra etter har han gitt ut bøker om englandsfarten, flyktningtrafikken til Sverige, etterretningstenesta under krigen, norske jødar på flukt og fleire lokale krigshistorieverk.

Journalistkarrieren starta i Fjordabladet på Nordfjordeid og heldt fram i Filmavisen. Seinare vart det journalistarbeid i Bergens Tidende og Sunnmørsposten før han frå midten av 1960-talet vart krigshistorikar på fulltid.

Særleg viktig var tida hans som journalist i Bergens Tidende, fortel Myklebust.

– Han kom til å leggje etter seg eit rikt materiale med krigshistorie der òg.

– Ut frå dei mange enkelthistoriene han formidla, såg han ti–femten år etter krigen eit mønster som teikna seg: Krigen innhenta ein del av desse som trudde dei kom uskadde frå det, men som i praksis hadde store mentale sår. Somme sleit med alkohol, andre tok livet sitt. Ein del av dei greidde rett og slett ikkje å tilpasse seg sivilsamfunnet.

Politisk aktivist

Ifølgje Myklebust vart Ulstein da meir av ein politisk aktivist i avisa. Det handla om å gi dei mange tusen krigsveteranane ei påskjønning for innsatsen, ikkje først og fremst i form av heider og medaljar, men i form av krigspensjonar.

– Det er heilt klart at han vart ein politisk aktør og aktivist og gjekk langt utanfor journalistrolla. Men han brydde seg ikkje om det den gongen, seier Myklebust, som sjølv har arbeidd mange år som journalist i NRK, mellom anna som USA-korrespondent.

Om etikken i journalistikken var tvilsam, nådde Ulstein fram. I 1968 vedtok Stortinget eit lovtillegg som gav også dei som hadde svekt helse og nedsett arbeidsevne etter krigen, rett til krigspensjon.

– Mange tusen krigsveteranar fekk oppreising, og det var svært mykje takka vere journalistikken til Ragnar Ulstein i Bergens Tidende. Det var han å takke for, slår Myklebust fast.

Slått over ende

Boka har Myklebust ikkje minst bygd på ei lang rekke samtalar med Ragnar Ulstein dei siste tre åra, men òg på graving og sjekking i arkivmaterialet. Sjølv om Myklebust på førehand kjente godt til Ulstein, både krigsinnsatsen og forfattarskapen, vart han reint sett ut av det enorme omfanget av dokumentasjonsarbeidet han har gjort.

– Eg var ikkje førebudd på omfanget. Når eg sette meg ned og las alt dette han hadde gjort og produsert – når eg såg omfanget – så må eg seie det var nesten så det slo meg over ende, seier Ulstein-biografen.

Myklebust fortel i boka om ein oppegåande nittisjuåring som i dag er like engasjert i verdspolitikken som før, ja, til og med "plagsamt" interessert, slik han sjølv ser det. Dagleg er han på nettet og blar seg gjennom ein haug europeiske og amerikanske aviser frå Die Zeit til Washington Post.

Han er uroleg for samtida, og stadig opptatt av å minne om at fridommen er noko ein må vere klar til å slåst for.

– Det er ein mann som eg har fått stor sans for og stor respekt for. I den grad eg har vorte kjent med han, så synest eg det er imponerande, både livet han har levd, og det han har utført i dette livet. Og det er imponerande at han i ein alder av 97 år framleis kan vere så glødande interessert i samtida, seier Gunnar Myklebust.