I ei sak skrive av NRK tysdag, går det fram at advokaten Christian Lundin frå advokatfirmaet Ness Lundin DA meiner det sit mange mobbeoffer rundt om i landet som skulle hatt erstatning, men som ikkje vel å gå til sak.

– Det verkar tidvis som at det går prestisje i å vinne mobbesaker, seier Lundin til NRK.

– Personangrep var forsvaret deira

Til NRK fortel Glen Børge Løset Flø at det har vore ein tung kamp mot Ulstein kommune, og at han føler kommunen behandla han brutalt.

– Personangrep var forsvaret deira. Det er dumt at kommunen går så hardt på for å ta ein uskuldig person på eit så alvorleg tema, seier Flø til NRK.

Advokat Lundin fortel at han sjølv har vore involvert i mobbesaker.

– Kommunene nyttar gjerne alle verkemiddel for å unndra seg det ansvaret dei har. Det meiner eg er under ein kvar kritikk, seier Lundin.

NRK fekk ingen kommentar frå Ulstein kommune til saka, anna enn det som alt er kjent, at kommunen no skal avgjere om dei skal anke saka eller ikkje.

- Bør løysast tidleg

Avdelingsdirektør i Kommunenes sentralforbund (KS), Erling Barlindhaug, vonar at kommunene forheld seg profesjonelle til alle rettssaker.

– Desse sakene bør løysast tidlegast mogleg. Ein har ikkje lukkast når ei sak hamner i retten, seier Barlindhaug til NRK.