Ho fortel at planen er å vise dei to første episodane av Heimebane på festen.  Datoen er ikkje heilt klart, men det kan verte i slutten av februar.

– Eg håper Ulsteinvik får noko igjen for å ha stilt opp for produksjonen, til dømes gjennom auka turisme, seier Hagen.

Annika Brandal ved kulturkontoret i Ulstein kommune fortel at dei er klar over at dei må utnytte PR-effekten Heimebane vil gje for Hareidlandet.

– Det er ikkje så mykje som er handfast enno, men her må det vere fullt mogleg å trekkje turistar til området, seier ho.

Saman med produsenten hadde kulturkontoret i Ulstein møte med Destinasjon Ålesund og Sunnmøre før sommaren. Brandal sit også i styret i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

– Eg har prøvd å så litt entusiasme i styret, så dette har eg stor tru på, seier Brandal.

Ho seier at det er mange som har eit ansvar for å utnytte effekten tv-serien kan gje.

– Ja, i tillegg til kommunen og Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, bør også hotellet og næringslaget ha ein plan.