«Det synest å brenne ein usløkkeleg flamme i Ragnar Ulstein.

Han får ikkje fred. Han er redd for at folk skal gløyme kvifor dei kjempa, dei unge mennene som slost mot den tyske okkupasjonen. Kvifor dei var villige til å ofre livet for eit fritt land. Den var ikkje gratis, sigeren i 1945. Og den hadde ingen evig garanti.

Fridom kan kome til å krevje at nye generasjonar er villig til å kjempe. Dette er blitt kallet hans, å minne om at fridommen alltid vil vere truga.»

Slik startar forordet i boka «Ragnar Ulstein – I krig og fred», skriven av Gunnar Myklebust.

Motstandsmannen og krigshistorikaren Ragnar Ulstein har skrive ei rekkje bøker med bakgrunn i krigen. Gjennom fleire tiår gjorde han ei mengde intervju med krigsveteranar over heile landet. No er omsider hans eiga historie komen i bokform.

Boka vart lansert på Norli bokhandel i Ulsteinvik måndag. Både forfattar Gunnar Myklebust og Ragnar Ulstein sjølv var til stades, det var også Therese Tungen frå Det Norske Samlaget som har vore redaktør for boka.

– Stor ære og glede

–Det er ei stor ære og glede for Det Norske Samlaget å gi ut boka om Ragnar Ulstein, sa Tungen.

– Mykje har fått plass i boka. Det som eg føler er gjennomgåande er viktigheita av å stå opp for det ein meiner. Å seie nei når det trengst, sa ho og understreka at det ikkje var gitt kven som var ven og kven som var fiende i tida rundt utbrotet av den andre verdskrigen.

– Vi arbeidde ein del med undertittelen til boka. Vi ville gjerne ha med ordet «redningsmann». Dette mellom anna med tanke med alle dei historiene som Ragnar Ulstein sytte for vart dokumenterte gjennom 1300 intervju med krigsveteranar. Utan denne innsatsen ville alle desse historiene ha blitt borte, sa There Tungen.

Den endelege tittelen vart «Ragnar Ulstein. I krig og fred»

Ei spanande reise

–Møta med Ragnar har vore ei spanande reise for meg, fortalde Gunne Myklebust som takka Ragnar Ulstein for at han hadde halde ut alle samtalane gjennom dei tre åra dei to har samarbeidd i lag.

Myklebust var imponert over Ulstein sitt nær fotografiske minne og alle detaljane som har blitt malt ut, men også over det engasjementet Ragnar Ulstein framleis syner i dag.

–Det har vore fantastisk å få vere lyttaren din i desse tre åra, sa Myklebust.

Krigspensjonen

Ei av kampsakene til Ragnar Ulstein etter krigen var å syte for at krigsveteranane vart sikra pensjon.

– Folk gløymde fort krigen og krigsveteranane. Då eg arbeidde som journalist i Bergens Tidende etter krigen kom eg i kontakt med mange krigsskadde som var gløymde av samfunnet. Dette fylte meg med både undring og sinne, sa Ragnar Ulstein.

Han engasjerte seg difor i arbeidet med å sikre at krigsveteranane skulle få pensjon, noko dei også fekk til slutt. For mange kom ordninga i gang for seint til at dei fekk nyte godt av henne, men for andre vart pensjonen til god hjelp.

Ragnar Ulstein har skrive ei rekkje krigshistoriske bøker. Den viktigaste meiner han er boka «Jødar på flukt».

– Boka kastar lys over ei internasjonal, forferdeleg historie som ramma den einskilde jøde over heile Europa. Det er utruleg at noko slikt kan ha hendt, men vi kan ikkje vere trykke på at råskapen på nytt kan verte akseptert i samfunnet, sa Ulstein som oppmoda folk til å vere vakne og berge si samtid.

I boka skildrar forfattaren det bakteppet som ligg til grunn for Ragnar Ulstein sitt engasjement. Gjennom oppveksten på Ulstein vart han påverka på ulikt vis og Gunnar Myklebust meiner dette vart avgjerande for at Ragnar Ulstein vart den han vart.

Den største bolken i boka er vigd Ragnar sine opplevingar frå krigsåra, frå opptakten til krigsutbrotet. flukta over til England, militærtrening og deltaking i krigshandlingar i det okkuperte Noreg. Men også engasjementet Ragnar har gjort for krigsveteranane i tiåra etter krigen har naturlegvis fått brei plass.

Ei ære: Det er ei ære for Det Norske Samlaget å få gi ut boka om Ragnar Ulstein, sa Therese Tungen som har vore redaktør for boka.