Naudnettet blei utbetra i 2015, men framleis har kommunar over heile landet problem med dekninga, skriv NRK.

10 kommunar i Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og Finnmark har klaga til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) om problem med naudnettet.

Blant kommunane med problem er Eide i Møre og Romsdal. Brannmeister i Eide Knut Jørgen Eide seier til NRK at dei hadde problem med dekninga seinast tysdag førre veke.

Dei andre kommunane som har klaga på dekninga i delar av kommunen er: Inderøy, Namsos, Frøya, Osen, Halsa, Ulstein, Herøy, Alta og Hadsel.