(NPK-NTB): Delen av 2017-kullet som har jobb er 52 prosent, ein auke på 12,5 prosentpoeng frå i fjor, viser ferske tal Politiforum har fått frå Politidirektoratet.

Leiaren i Politiets Fellesforbund, Sigve Bolstad, er fornøgd med utviklinga.

– Det var eit stort behov for å snu den negative utviklinga. Dette har vore ei viktig sak for Politiets Fellesforbund, og vi vil sjølvsagt fortsette med å følgje opp dette, seier han.