Avgangselevar frå Politihøgskolen i Oslo. (Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix.)

Avgangselevar frå Politihøgskolen i Oslo. Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix.

Betring frå fjorårsstatistikken:

Fleire nyutdanna politifolk i jobb i år

Over halvparten av kullet som vart uteksaminerte frå Politihøgskolen (PHS) i vår, har allereie fått jobb. På same tid i fjor var delen 39,5 prosent.

(NPK-NTB): Delen av 2017-kullet som har jobb er 52 prosent, ein auke på 12,5 prosentpoeng frå i fjor, viser ferske tal Politiforum har fått frå Politidirektoratet.

Leiaren i Politiets Fellesforbund, Sigve Bolstad, er fornøgd med utviklinga.

– Det var eit stort behov for å snu den negative utviklinga. Dette har vore ei viktig sak for Politiets Fellesforbund, og vi vil sjølvsagt fortsette med å følgje opp dette, seier han.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: