Verner Larsen, rådmann i Ulstein kommune (Foto: Arkivfoto)

Verner Larsen, rådmann i Ulstein kommuneFoto: Arkivfoto

1 / 1

Ulstein kommune om ankespørsmålet:

Held tilrådinga hemmeleg

Administrasjonen i Ulstein kommune held tilrådinga i ankespørsmålet i mobbesaka hemmeleg.

Førstkomande tysdag avgjer formannskapet om domen frå lagmannsretten skal ankast til Høgsterett eller ikkje.  Då papira til saka vart sende ut onsdag morgon, var både tilrådinga frå rådmannen og vurderingane og konklusjonen unnateke offentleg innsyn. 

Kommuneadministrasjonen har valt å sladde sine vurderingar i saka, berre saksfakta er ope.  Grunngjevinga frå jurist i kommunen, Ingunn Hestnes, er paragraf 18 i Offentleglova.

I paragrafen står det at "Det kan gjerast unntak frå innsyn for dokument som eit organ har utarbeidd eller motteke som part i ei rettssak for norsk domstol."

Vikebladet Vestposten har klaga avgjerda om hemmeleghald inn for fylkesmannen.

Heile saksframlegget ligg i pdfdokumentet øvst i denne artikkelen.

For ei veke sidan kom domen frå lagmannsretten, som tilkjende Glen Børge Løset Flø erstatning frå Ulstein kommune:


Glen Børge Løset Flø:

- Utruleg glad for å bli trudd

Glen Børge Løset Flø er nesten frå seg av glede etter at kommunen blei dømt igjen.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: