Mannen med 83 kampar for Rosenborg, 230 kampar for Werder Bremen og 60 landskampar, var tysdag kveld på besøk i kommunestyresalen i Ulstein. Der heldt han sitt føredrag «Verdibasert samfunnsbygging», for fleire leiarar i Ulstein kommune.

Den kanskje beste norske midtstopparen gjennom tidene er kanskje i dag mest kjend som Viasat-ekspert under fotballsendingar. Men det kanskje ikkje så mange veit, er at han også var blant dei fire som i si tid starta MOT. Dei tre andre er Dag Otto Lauritzen og initiativtakarane Atle Vårvik og Johann Olav Koss.

MOT har i 2017 inngått partnarskap med rundt 380 ungdomsskular, vidaregåande skular og kommunar i Norge. Om lag 67.000 ungdommar i Norge har MOT sitt program på sin skule, ifølgje MOT sjølve.

Bratseth er i dag styreleiar i MOT, og tok turen innom Ulsteinvik som eit ledd i ein større Norges-turné.

Fortalde om Eggen og «Drillo»

Rune Bratseth har hatt fleire ulike sjefar i sin aktive fotballkarriere, der i mellom ein av dei verkeleg store trenarlegendene i Norge gjennom alle tider, Nils-Arne Eggen. Bratseth fortalde om sine erfaringar knytt til både Eggen, tidlegare landslagssjef Egil «Drillo» Olsen og hans mangeårige trenar i tyske Werder Bremen, Otto Rehhagel.

– Dei kunne vere knallharde i kritikken sin til meg som fotballspelar, men aldri som person, sa Bratseth til forsamlinga.

Han blei sjølv leiar då han blei sportssjef i Rosenborg i 1995, ei stilling han hadde heilt fram til han gav seg i den i 2007. Også dette kapittelet av karrieren sin fortalde Bratseth om.

– Spanande føredrag

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) er også MOT-leiar i Ulstein kommune, og fortel at han lét seg inspirere av Rune Bratseth.

– Eg føler at han hadde mange gode innspel. Han snakka om verdibasert leiing, og var veldig fokusert på dette med å involvere alle, og å drive lagbygging. Dette med å bygge tillit over tid. Han fortalde mykje om si eiga erfaring som fotballspelar, og leiarane han har hatt. Alt i alt var dette eit veldig spanande føredrag, og dei som deltok fortalde meg i ettertid at dei hadde godt utbyte av det, seier Engh.