Sanitetsleiarane: Sanitetsforeiningane i Ulstein vil bidra til Live Åtte sitt prosjekt i Nepal. Frå venstre: Johanne Garshol, Perly Lise Pedersen, Berit Sæter og Siw Ulstein Foto: innsendt
            (Foto: innsendt)

Sanitetsleiarane: Sanitetsforeiningane i Ulstein vil bidra til Live Åtte sitt prosjekt i Nepal. Frå venstre: Johanne Garshol, Perly Lise Pedersen, Berit Sæter og Siw Ulstein Foto: innsendtFoto: innsendt

Saniteten stør Live Åtte

Sanitetsforeiningane i Ulstein ønskjer å bidra til arbeidet i Nepal.

Live Åtte har fått melding om at sanitetsforeiningane i Ulstein ønskje rå bidra til arbeidet i Nepal med 40 000 kroner i tre år framover.

Live Åtte byggjer no opp tilbod om avlasting i heimane for familiar med ungdom med utviklingshemming. Det er dette utviklingsarbeidet dei no ønskjer å støtte. Grunnen til at sanitetsforeiningane vil støtte det er at Live Åtte kan vise til at det er eit tilbod for kvinner og born spesielt, og det er helsebringande for heile familien.

For sanitetsforeiningane var det også viktig at prosjektet i Nepal er lokalt forankra i Ulstein, og alt arbeidet og pengane går direkte til prosjekta.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: