Usemja mellom ein lokal entreprenør og ein huseigar på Hareidlandet nådde aldri Sunnmøre tingrett.

- Partane klarte å verte samde om eit oppgjer før rettssaka starta, fortel entreprenøren sin advokat Øystein Vartdal Riise.

Forlik

Entreprenøren gjekk til sak mot huseigar fordi dei var usamde om betalinga.

Huset stod ferdig i vår og hadde ei kostnadsramme på rundt sju millionar kroner. Ifølgje advokat Bjarte Aambø, som representerer huseigaren, handla usemja om eit restkrav på 1,9 millionar kroner.

– Min klient meiner det er så mange feil og manglar ved huset at vedkomande ikkje vil betale denne summen, sa Aambø til Vikebladet Vestposten i september.

Saka skulle etter planen behandlast i Sunnmøre tingrett to dagar i oktober.

- Dei to partane fann ei løysing som begge er fornøgde med, seier Riise, som ikkje vil seie meir om innhaldet i forliket.