Onsdag i førre veke blei Ulstein kommune dømt igjen. Ankesaka i Frostating lagmannsrett var nok ei tøff påkjenning for Glen Børge Løset Flø, som til slutt vann fram også i denne rettsinstansen. Ulstein kommune blei dømt til å betale Løset Flø erstatning for personskade på over 1.3 millionar kroner, i tillegg til å dekkje sakskostnadane hans.

Vikebladet Vestposten møtte måndag denne veka Lars Henrik Hasund. Det er rundt 20 år sidan han gjekk i same klassen som Glen Børge Løset Flø på Hasund barneskule. Han hugsar naturlegvis ikkje alt frå den tida, men har framleis ei oppfatning av korleis ting var.

– Eg var ein av dei som per definisjon mobba Glen Børge. Men dette var noko som gjekk begge vegar. Slik det blei framstilt i rettssaka, at det handla om nokre få mobbarar, er feil bilete av situasjonen. Det var mange som mobba Glen Børge, men han mobba også mange, saman med andre. Han var eit uromoment i klassen, som ofte skapte problem for seg sjølv og andre, seier Hasund.

Hasund fortel at han har eit greitt forhold til Glen Børge Løset Flø i dag.

– Eg har snakka med Glen Børge ved fleire høve etter at vi gjekk på barneskulen saman, og kan godt slå av ein prat om vi møtest. Mi familie kjenner hans familie også.

Ueinig i skuldspørsmålet

Då Ulstein kommune anka avgjerda til Frostating lagmannsrett etter at dei først blei dømt i Sunnmøre tingrett, førte det til sterke reaksjonar frå folk frå heile landet. Ulstein kommune blei skulda for å gå i mot sine eigne innbyggjarar, og både kommunen i sin heilskap og enkeltpersonar fekk ukvemsord og trugslar retta mot seg frå fleire hald. Ordførar Knut Erik Engh og fleire av hans politikarkollegaer har fått mykje tyn, i tillegg til fleire i administrasjonen. Lars Henrik Hasund vitna i begge rettssakene, og meiner det blir feil å skulde på Ulstein kommune eine og åleine.

– Eg meiner det blir feil at Ulstein kommune skal ha all skuld for dette, noko som skjedde for 20 år sidan, då ting var ganske så annleis enn dei er i dag. At folk då i tillegg ikkje meiner kommunen har rett til å forsvare seg, meiner eg også er leit, seier Hasund og legg til:

– Domen er klar den, og ein kan ikkje gjere noko med skuldspørsmålet no. Men, eg føler likevel at det ikkje bør vere usagt at dette handlar meir om systemsvikt enn at kommunen åleine burde ha skulda for det som skjedde. Her burde ein nok også involvert instansar høgare oppe, kanskje så høgt opp som Kunnskapsdepartementet.

Han meiner også det blir feil å fyre av mot dagens kommuneleiing og kommunepolitikarar.

– Dei kan ikkje lastast for det som skjedde den gongen, då det for det meste var heilt andre tilsette og heilt andre politikarar. Kommunen har etter lova rett til å prøve saka si vidare i systemet, og sjølv om det sjølvsagt er lov å vise kjensler kring dette, meiner eg det har gått for langt i enkelte tilfelle. Dei verste eksempla eg har sett på reaksjonar retta mot kommunen og personar knytt til kommunen meiner eg kan klassifiserast som mobbing i seg sjølv, seier Lars Henrik Hasund.

– Gjorde det dei kunne

Når han ikkje har vitna, har Hasund følgt nøye med på rettssaka gjennom media.

– Eg føler eg har danna meg eit greitt bilete av situasjonen slik den var. Ut ifrå eigne erfaringar og det som kom fram i rettssaka meiner eg skulen gjorde det dei kunne, med tanke på ressursar og kunnskapar den gongen, for å få bukt med mobbinga av Glen Børge. Dei hadde retningslinjer å gå etter, og både lærarar og rektor brydde seg heilt tydeleg om han. Fleire av lærarane gjekk langt utanfor sine rammer for å prøve å betre situasjonen, slik eg hugsar det.

Men Hasund meiner at systemet for å stoppe mobbing slik det var den gongen var mangelfullt, om ein samanliknar med dagens situasjon.

– Det var ikkje i nærleiken like mykje fokus på mobbing i skulen då, som det er i dag. Heldigvis har Norge kome langt sidan. Det er difor eg meiner at systemet i seg sjølv bør ha mesteparten av skulda for det som skjedde med Glen Børge, og mange fleire med han, seier Lars Henrik Hasund avslutningsvis.