«Eg vil starte med å seie at eg ikkje har nokon vond tanke mot dei som mobba meg i grunnskulen, i dag. Rett og slett fordi at vi var born på den tida og fordi born er stygge mot kvarandre nokre gonger. Og det var heller ikkje berre vonde minner frå den tida.

Det er nok litt rett i at Ulstein kommune har fått litt for mykje tyn under og etter rettssaka. Men samtidig er ikkje Ulstein kommune berre Ulstein kommune i denne saka. Den er ein av den norske stat sine representantar i grunnskulesystemet og har eit arbeidsmiljøansvar både for tilsette og skuleelevar. Ulstein kommune er dømd for skadane som skjedde medan dei hadde eit felles ansvar for tilsette og elevar. Ulstein kommune er ein del av eit system som skal ha ansvaret for alle dei elevane som går til skulen kvar dag i kommunen sin. Det sterkaste leddet i eit system er like sterkt som det svakaste leddet. Om det var kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet som svikta meg ved forskrifter eller retningsliner i mi tid på barneskulen, så var Ulstein kommune like fullt deira representant.

Ulstein kommune fekk nok litt tyn fordi dei anka, ja. Men det kom ikkje fram nokon nye moment i lagmannsretten som ville endre utfallet. Eg, og fleire som har kome til meg i ettertid sat med kjensla av ei «håper vinden snur»-rettssak. Men trugslane og ukvemsord mot kommunen og deira tilsette frå andre folk tek eg kraftig motstand frå.

Eg kan derimot forstå kraftuttrykka frå dei som kontakta kommunen. Dette er mødrer, fedrar, søsken og besteforeldre til barn som har blitt mobba, og som ønskjer at kommunen skal gi oss som har blitt mobba, fred. Når så dommen kom 4. oktober var det dei same kraftuttrykka i skjulte grupper og kommentarfelt i sosiale media, fordi «Goliat» tapte igjen. Eg håper at kommunen slepp å få oppleve trugslar og ukvemsord berre for å gjere jobben sin. Denne rettssaka er vanskeleg å forstå, til og med for meg. Om eg hadde falt av eit leikeapparat i skuletida og blei lam, har eg ikkje like rett på erstatning når problema gjer det vanskeleg for kropp og sinn å fungere i vaksen alder? Den sakkunnige i lagmannsretten, ein professor i traumeforsking sa til retten: «At det er ein skade frå mobbinga er det, basta bom.» Korleis er ansvarsgrunnlaget forskjellig her i dei to eksempla? Etter mi meining spelar det inga rolle om eg klatra opp på leikeapparatet eller om eg erta til eller ifrå. Skaden har skjedd.»

Glen Børge Løset Flø

Formannskapet avgjer: Spørsmålet om Ulstein kommune skal anke dommen frå Frostating lagmannsrett skal opp til vurdering på neste formannskapsmøte i Ulstein, 17. oktober. Foto: Arkiv. Foto: Marius Myklebust