Finansminister Siv Jensen legg no fram regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. (Arkivfoto, illustrasjon).

Finansminister Siv Jensen legg no fram regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. (Arkivfoto, illustrasjon).

Forslag til statsbudsjett for 2018:

Aukar samferdselsbudsjettet med 4,3 mrd. kroner

Finansminister Siv Jensen legg no fram regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2018.

Regjeringa vil bruke 4,3 milliardar kroner meir til samferdselsprosjekt.

Forsking på fjordkryssingar

Regjeringa foreslår å bruke 31 millionar kroner til forsking på tekniske løysingar for fjordkryssingar og samfunnsutvikling. Forskringa skal skje i samband med utgreiinga av ferjefri E39 og skal føre til effektive og lønsame løysingar for fjordkryssingar på strekninga.

Også Nasjonal Transportplan skal få meir pengar neste år. Regjeringa foreslår å auke summen med 3 milliardar kroner, til 61 milliardar.

Meir til politiet

Finansministeren meiner regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2018 er eit trygt og godt.

Regjeringa vil bruke 660 millionar kroner til etableringa av eit nytt nasjonalt beredskapssenter for politiet neste år, og 102,8 millionar kroner til kjøp av tre nye politihelikopter med transportkapasitet.

Meir til kommunane

Kommunane får neste år 4,6 milliardar kroner meir enn i år. Av denne summen er 3,8 ,milliardar frie inntekter. Veksten blir då på 1 prosent i høve til inneverande budsjett.

Skattelette

Regjeringa foreslår ein skattelette på tre milliardar kroner, og at skattesatsen blir redusert frå 24 til 23 prosent for bedrifter og personar.

Fleire i arbeid

Regjeringa reknar med at arbeidsløysa vil falle frå 4,3 prosent til 4 prosent neste år.

Det vil bli dyrare å gå på kino og museum.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Glen Børge Løset Flø:

- Eg er veldig glad

Ulstein ankar ikkje mobbesaka:

Letta ordførar

Hødd sin nye daglege leiar er på plass:

- Ei stor ære