I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2018 vil dei frie inntektene i Hareid auke med 3,7 prosent, vel 10 millionar kroner ekstra neste år. I Ulstein blir auken på 3,1 prosent, vel 13,8 millionar kroner i høve til inneverande år.

Snittet for Møre og Romsdal blir ein auke på 2,5 prosent.

Både Herøy og Sande  får ein auke på 1,7 prosent.

Utdanning

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Høgskulen i Molde med 1,3 millionar kroner. Dette skal gå til å etablere 30 nye studeplassar ved høgskulesenteret i Kristiansund.

Regjeringa foreslår også å auke løyvinga til NTNU i Ålesund med 3 millionar kroner til 70 studieplassar innan IKT.

Forsking

Regjeringa vil styrke innsatsen innan havbruksforsking og kunnskap om nye marine artar, og foreslår å auke løyvingane med 14 millionar kroner. I tillegg foreslår regjeringa å løyve 11 millionar kroner til eit forskingstokt til Antarktis. Men det blir også foreslått å redusere Havforskingsinstituttet si ordinære driftsløyving med 10 millionar kroner.

Sysselsetting

Regjeringa foreslår å vidarefåre tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk. I 2016 var om lag 2360 sjøfolk i Møre og Romsdal omfatta av tilskotsordninga.

Veg

Regjeringa foreslår å løyve 35,9 milliardar kroner til vegføremål i 2018. I Møre og Romsdal inneber dette:

Rv 70 Meisingset - Tingvoll:

Regjeringa vil sette av midlar til å vidareføre utbygginga av vegen som blir venta opna for trafikk våren 2019.

E136 Døsteinfonna og Fantebrauta, Rauma kommune:

Regjeringa vils ette av midlar til å fullføre skredsikringsprosjektet. Vegen skal opnast for trafikk i mai 2018.

Mindre tiltak på E39 med tilknytingar i Ørsta, Sula, Volda og Molde kommunar:

Utbetring av ferjekaier på sambandet E39 Festøya-Solevåg og rv 651 Volda-Folkestad, Sula og Volda kommunar, i samband med innføring av nye ferjer.

Bygging av undergang ved Ekset på E39 i Volda kommune.

Etablering av fortauu på E39 ved Hjelset i Molde

Refusjon av forskotterte midlar til bygging av gangbru over E39 ved Årø i Molde kommune

Fullføre utbetring av Blindheim- og Moa-tunnelen i Ålesund

Bygging av rundkøyring på rv 658 ved Kverve i Ålesund

Utbetringar av Innfjord- og Måndalstunnelen og Ellingsøy- og Valderøytunnelane på rv 658 i Ålesund og Giske kommunar

Det blir også foreslått å sette av midlar til planlegging, blant anna til arbeidet med kommunedelplan for E39 Vegsund-Breivika, og reguleringsplan for E39 Volda-Furene.

Møre og Romsdal er omfatta av TT-ordninga (tilrettelagt tansport for funksjonshemma). I budsjettet for 2018 blir det foreslått å løyve 90,4 millionar kroner til ordninga, som omfattar sju fyle. Midlane blir fordelte etter søknad frå fylkeskommunen.