Vanskane i oljenæringa og høg arbeidsløyse har gjort at regjeringa har tildelt fleire "tiltakspakkar" for å halde folk i arbeid. Hareid og Ulstein kommunar ligg midt i det maritime smørauget, og arbeidsløysa er no blant den høgaste i Norge. Nav-tala for oktober fortel at arbeidsløysa i Hareid då var på 5 prosent og 5,4 prosent i Ulstein.

Forundra

Anders Riise (H) hadde håp om at regjeringa i budsjettforslaget sitt ville setje av pengar til tiltakspakkar også neste år.

- Eg hadde forventa at der var med midlar til tiltakspengar, og eg er forundra over at dei er heilt borte i budsjettforsalget for 2018, uttaler Riise.

Han meiner at det no blir viktig for Ulstein og Hareid kommunar å kome i dialag med regjeringa om tiltak som kan dempe arbeidsløysa. Gjerne i samarbeid med fylket og Nav.

Riise hadde håp om at regjeringa skulle vise ei meir offensiv haldning til å halde folk i maritime næringar i arbeid.

- Det er rett at næringslivet er i framgang, men maritim bransje er inne i ein omstillingsfase, og treng framleis litt tid til omstillinga. Det finst ein god del folk som no er utan arbeid, men som sit inne med stor fagkompetanse, og det er viktig at bedriftene ikkje misser denne kompetansen. For maritim industri er ikkje i ferd med å døy ut, understrekar Riise.

Tiltakspakke utanom statsbudsjettet?

- Den aller første tiltakspakken kom i 2016, utanom statsbudsjettet, så håpet mitt er at det kan kome tiltakspakkar utanom statsbudsjettet neste år.

Riise er derimot glad for at regjeringa vil satse på utdanning og forsking. Det blir blant anna foreslått å auke løyvingane til NTNU i Ålesund med 3 millionar kroner. Noko som vil gi 70 studieplassar innan IKT.

- Dette er er eit langsiktig og viktig tiltak for å heve kompetansen innan IKT, slår Riise fast.

- Sikrar planlegging av Hafast

Regjeringa foreslår også å løyve 35,9 milliardar kroner til vegformål i 2018.

- Dette vil sikre kontinuitet i planlegginga av Hafast og ferjefri E39, meiner Anders Riise.

Over gjennomsnittleg auke i frie inntekter

I forslaget til statsbudsjett for neste år er det foreslått at Hareid skal få ein auke i frie inntekter på 3,7 prosent, medan Ulstein skal få 3,1 prosent. Gjennomsnittet i Møre og Romsdal er på 2,5 prosent.

Både Herøy og Sande får ein auke på 1,7 prosent.