Ordføraren i Ulstein meiner regjeringa sitt forslag til budsjett for 2018 har blitt om lag slik han hadde venta.

- Eg er svært godt nøgd med den nye låne- og garantiordninga for kjøp av skip frå norske verft som skal nyttast i Norge, kommenterer Engh.

Ordninga vil omfatte finansiering av til dømes fiskebåtar, ferjer, brønnbåtar og hurtigbåtar, og finansieringa vil bli gitt på marknadsvilkår.

Engh er også glad for at regjeringa går inn for å lette skattebyrda til bedriftseigarar når det gjeld maskiner og utstyr i bedriftene.

Til like med ordførar Anders Riise i Hareid er også Engh skuffa over at det i regjeringsforslaget ikkje er lagt inn midlar til tiltakspakkar.

- Eg meiner det framleis er behov for tiltakspakkar, og eg håper det vil kome under budsjettforhandlingane. Men det er totalen som betyr noko, og budsjettforslaget er næringsvennleg, seier Engh, som også  meiner budsjettforslaget inneber betre vilkår for gründarane.