Nyleg fekk Brandal Idrettslag på plass lyskastarar i ballbingen ved Brandal friskule, noko som gjer at bingen kan nyttast også etter at mørket har senka seg.

– Vi har allereie registrert auka bruk av ballbingen på kveldstid, seier Erlend Kvalsvik i Brandal Idrettslag.

Ballbingen kom i si tid på plass ved hjelp av offentlege støttemidlar og dugnadsinnsats, men lyskastarar har ikkje kome opp før no.

Stenger klokka 23

– Lyskastarane gir veldig bra lys. Anlegget fungerer elles slik at dei som skal nytte ballbingen trykkjer på ein knapp og så har dei lys i ein time. Etter klokka 23 fungerer ikkje lyskastarane, så naboar og andre treng ikkje uroe seg for at ballbingen vert nytta på nattetid, seier Kvalsvik.

Idrettslaget har fått 25.000 kroner i støtte frå Sparebanken Møre for å montere lys ved ballbingen og i tillegg har dei lokale verksemdene Hareid Group og Libra Plast vore delaktige med økonomisk støtte. Det er også utført ein god del dugnadsinnsats i samband med monteringa av det nye lysanlegget.