Regjeringa seier det rette når det gjeld forsking og innovasjon, men løyver berre småpengar til havbasert næring, meiner dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest. (Arkivfoto).
            (Foto: Djupvik)

Regjeringa seier det rette når det gjeld forsking og innovasjon, men løyver berre småpengar til havbasert næring, meiner dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest. (Arkivfoto).Foto: Djupvik

Saknar auka satsing på verdiskaping i havet

Men Maritimt forum finn mykje positivt i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.

- Det er ikkje tvil om at regjeringa satsar på forsking. Dei vil neste år bruke over ni milliardar kroner på næringsretta forsking og innovasjon, nesten det doble sidan dagens regjering overtok i 2013, kommenterer dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest, i ei pressemelding.

- Seier det rette, men løyver berre småpengar

- Men den store skuffelsen er at dei havbaserte næringane i liten grad får ta del i denne satsinga på forsking og innovasjon. MAROFF-programmet (innovasjon og miljøvennleg verdiskaping i dei maritime næringane) har stagnert sidan 2010, og heller ikkje i årets budsjett har Maroff fått nokon auke. Det er eit paradoks sidan alle var samde om at det er venta ein betydeleg vekst i havnæringane både i Norge og globalt. Regjeringa seier dei rette tinga om meir forsking og innovasjon i havet, men når det kjem til løyvingar blir det berre småpengar, kommenterer Ingjerd.

Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide stadfesta torsdag at dei vil forhandle vidare med Vard Langsten om bygging av tre nye kystvaktskip. Det betyr at Kleven og Westcon ikkje nådde opp.

- Det er svært positivt for den maritime klynga at dei tre skipa blir bygde i Møre og Romsdal. Maritimt Forum var blant dei første som kravde at skipa måtte byggjast ved eit norsk verft, både av omsyn til kompetanse og på bakgrunn av sikkerheitspolitikken, uttaler den daglege leiaren i Maritim forening Nordvest.

Ingjerd meiner det også er positivt at regjeringa vidarefører satsinga på yrkesretta utdanning, og at det blir foreslått å auke investeringsnivået på sokkelen med sju milliardar, frå 150 i år til 157 milliardar kroner i 2018.

- Høg og stabil aktivitet er viktig for å sikre kompetanse, arbeidsplassar og verdiskaping, slår Ingjerd fast.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Fekk du med deg desse?

Emilie (9) og mamma Stine Fjørtoft Holta fekk prøve:

Lefsebaking er ikkje for pyser

Stod fram som bifil i lesarinnlegg

- Verda går heldigvis framover

Kleven-styreleiaren om ny konsernsjef:

- Mest ideelt med ein person som kjenner Sunnmøre