– Vi er vonbrotne over at regjeringa heller ikkje denne gongen har prioritert Vinje-senteret for dikting og journalistikk i statsbudsjettet, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum, i ei pressemelding.

– Arbeidet er godt i gang, dagleg leiar er tilsett, og vi har vist før at vi leverer. Stortinget satsa på Vinje-senteret i fjor, og når regjeringa ikkje følgjer opp, set vi på ny vår lit til stortingsfleirtalet, seier Solholm.

Nynorsk kultursentrum får nær 20,1 millionar kroner i driftsmidlar i framlegget til statsbudsjett for 2018. Dette er 430 000 kroner eller 2,2 prosent meir enn i år.

Regjeringa fører vidare løyvinga til Vinje-senteret frå 2017 utan auke, men løyver ingen ting til byggeprosjektet. Utanom lønns- og prisveksten søkte Nynorsk kultursentrum om 1,6 millionar til basisutstilling og 1 million meir i driftsmidlar til vidare oppbygging av Vinje-senteret. Til ombygging og tilbygg søkte Vinje kommune om vel 8 millionar.

Distriktspolitikk i praksis

Nynorsk kultursentrum med hovudsete i Ørsta og 20 fast tilsette har no avdelingar i Ørsta, Ulvik og Vinje og oppslagsverket Allkunne og driv frå 2018 dei tre festivalane Dei nynorske festspela, Ulvik poesifestival og Litteraturdagane i Vinje.

– Berre sidan 2010 har vi etablert tre nye avdelingar i Bygde-Noreg med ti medarbeidarar og endå fleire innbyggarar i dei aktuelle kommunane, og i Aasen-tunet arbeider fleire enn alle planar la opp på førehand, seier direktør Ottar Grepstad. – Dette er distriktspolitikk i praksis, vi veit at vi driv billig, og svært mange bruker oss.

Femte statsbudsjettet på rad utan nynorsksatsing

Regjeringa føreslår å løyve 6 millionar til oppdatering av Nynorskordboka og Bokmålsordboka, men ingen ting til vidare utvikling og digitalisering av Norsk Ordbok.

Etter initiativ frå Venstre nådde prioriterte tiltak frå eit samla nynorskmiljø opp i det statsbudsjettet Stortinget vedtok for 2017. – Både regjeringa og stortingsgruppene er godt kjende med prioriteringane frå nynorskmiljøet i år. Eg vonar Stortinget ryddar opp i den årvisse runden om løyving til Landssamanslutninga av nynorskkommunar før det blir ein farse, meiner direktøren i Nynorsk kultursentrum.

Han er kritisk til den språkpolitikken som kjem til uttrykk i statsbudsjettet. – Dette er det femte statsbudsjettet regjeringa Solberg legg fram, og for femte gong ser regjeringa bort frå interessene til nynorskbrukarane. – Det kostar så lite og gir så mykje å lage eit statsbudsjett som fremjar språkleg jamstilling, seier Grepstad.