Godt med  publikum hadde møtt fram til opninga av utstillinga i galleriet i Kjøpmannsgata laurdag. Bente Sellevoll og Rita Slotterøy var begge til stades under opninga. Kristine Hareide var forhindra frå å møte.

Før sjølve opninga underheldt Ronald Øvrelid med song og gitarspel. Han hadde valt litt mørke songar, som likevel hadde lys i seg, noko som passa godt til kunsten på veggene.

- Utstillingar gir oss impulsar og nye perspektiv

Hareid kunstlag hadde invitert Aud Marit Wigg, tidlegare leiar i Ulstein kunstlag, til å opne utstillinga. Ho tok utgangspunkt i at ho hadde hatt ein hektisk haust på det personlege planet, men at ho hadde klart å få med seg ei utstilling, "Høstutstillingen" i Oslo.

- Og like sikkert som "Høstutstillingen" opnar dørene, så opnar også kritikarane munnen. I fleire dagar etter opninga var dei kulturelle sidene i avisene fulle av kritiske spørsmål knytt til "Høstutstillingen" sin eksistens. Mange av kritikarane meiner "Høstutstillingen" har utspelt si rolle og at vi ikkje treng denne utstillinga lenger. Eg skal ikkje gå vidare på den debatten. Vi kan sikkert leve gode liv utan. Utstillingar i det lokale kunstlaget er heller ikkje livsnødvendig, sa Wigg.

Ho konkluderte likevel med at det er viktig å ha tilgang til utstillingar, anten vi bur på Hareid eller i Oslo.

- For utstillingane gir oss rom. Og inne i desse romma får vi impulsar, nye perspektiv, vi kan dagdrøyme og forsvinne litt. Vi får pause frå våre eigne rom, og ikkje minst, innblikk i kunstnarane sine rom.

Wigg karakteriserte Bente Sellevoll, Rita Slotterøy og Kristine Hareide som modige kvinner. Ved å stille ut kunstverka sine blottlegg dei samtidig seg sjølve og det dei held på med. Publikum, både kjende og ukjende, kan gå inn i romma til kunstnarane.

Surrealistisk og drøymande

- Her i dag får vi ta del i Kristine sine rom, som ved første augekast er dekorert med fargesterke, abstrakte og musikalske flater, men som samtidig skjuler noko surrealistisk og drøymande. Her er ikkje tak som hindrar tankane i å flyge himmelhøgt, sa Wigg.

Nært og naturleg

- Rita Slotterøy sine rom viser meir det nære og naturlege. Motiva tek sjåarane med inn i skogen. – Det er som vi kjenner den ru borken i hendene våre, og dei gir oss varme.

Rått og florlett

- I Bente Sellevoll sine rom ser vi det rå, grå og brutale i kombinasjon med florlette sommarfuglvingar og dansande småjenter. Her er lys og mørke i kraftfulle kombinasjonar.

*

Hareid kunstlag, heilt sikkert i samarbeid med kunstnarane sjølve, har klart å sette saman dei mange bileta på ein måte som gjer at bileta kjem til sin rett. Det har truleg ikkje vore noko enkel oppgåve, men dei har lukkast. Det er skapt ein raud tråd som gir heilskap i utstillinga.

Utstillinga er open i heile Hareidsstemneveka.