– Mamma svarte ja då ho rett etter å ha vorte enke fekk spørsmål på sjukehuset om dei kunne bruke nokre av organa til pappa til folk som venta på transplantasjon.

Faren, Kjell H. Pedersen, var nesten 39 år gamal då han døydde frå familien: kone og tre born på 17, 14 og 8 år.

– Det føltest veldig urettferdig, og lurte veldig på kvifor han måtte døy, fortel Cecilie. Ho er no 41 år gamal, og bur framleis på garden på Dimnøya der ho vaks opp. Ho har teke over mormorhuset og har mora som næraste nabo.

Hjernebløding

Det har gått 24 år sidan fredag 20. august 1993. Denne dagen driv Kjell slåtten og då han skal stige opp i traktoren, skjer det noko.

– Han forklarte det som om det skjedde ein eksplosjon i hovudet hans, fortel Cecilie.

Den snart 39 år gamle plattformarbeidaren, som driv småbruket når han har friturar, klarer å krype inn i kjellaren og får ropt på kona. Han har fått ei hjernebløding og vert operert på sjukehuset i Trondheim. Cecilie går på vidaregåande skule på Stranda, og får ikkje vite om det som har skjedd før ho kjem heim seinare same dag.

– Det var ikkje dramatisk, det var ikkje snakk om at han kunne døy, vi trudde at dette kom til gå bra. Så eg reiste tilbake til Stranda då helga var omme, fortel ho.

Kjell vert halden i kunstig koma for at hjerna skal få ro. Kona og faren reiser til Trondheim då han skal vekkast, men Kjell vaknar aldri igjen. Han får ei ny og dødeleg hjernebløding 26. august.

– Eg sat i klasserommet då kontordama kom inn og sa at det var telefon til meg. Då forstod eg at pappa var død, seier Cecilie. Det var mora hennar som ringde og fortalde at faren var død. Same dag må ho innom presten for å få dødsbodskapen.

Får aldri svar

Organdonasjon hadde aldri vore tema i heimen på Dimna, men mora til Cecilie valde å svare ja då ho fekk spørsmålet frå legane.

– Eg trur nok at ho også spurde farfar før ho tok avgjerda. Men det er fint å tenkje på at pappa truleg redda livet til nokon, at hjartet hans kanskje bankar vidare i ein annan kropp.

– I starten besøkte eg grava ofte, spesielt viss det skjedde viktige ting i livet mitt. Men no er det heller slik at eg kan ta meg ein prat med han kvar som helst og når som helst, seier Cecilie.

Familien til Kjell H. Pedersen har aldri fått vite om nokre av organa hans vart brukte. Cecilie har gjennom Facebook prøvd å få kontakt med dei som eventuelt fekk transplantert nytt organ i dagane rundt 26. august 1993. Førebels har ho ikkje lukkast.

– Eg har vel innsett at eg mest truleg aldri kjem til å få svar på dette.

Har du sjølv teke stilling til organdonasjon?

– Ja, gjett om! Eg har sagt til mine næraste at når eg døyr, då skal alt som kan brukast, det skal gjevast til dei som treng eit nytt organ. Elles lovar eg å kome tilbake og spøke, ler Cecilie, og legg meir alvorleg til:

– Dette er noko alle bør snakke om og ta stilling til, meiner eg. Eg kan ikkje sjå at det finst argument imot. Det er galskap at folk døyr i helsekø fordi mange seier nei til å vere organdonor, seier Cecilie Pedersen.